Damtjern i Lier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Damtjern i Lier
Foto: Remi Kristiansen

Damtjern er eit tjern i Lier kommune. Det ligg mellom Fosskollen og Liertoppen Kjøpesenter. Damtjern er 0,13 km² stort og ligg 194 meter over havet. Tjernet har utløpet sitt i Lierelva og har mellom anna åbor.

Badeplass[endre | endre wikiteksten]

Damtjern var på 1990-talet prega av at det vart nytta som tilhaldsstad for utanlandske sesongarbeidarar som budde i bilane sine på parkeringsplassen i sørenden av tjernet. Kommunane tok tak i problemet, ved å mellom anna stenge parkeringsplassen, og i dei seinare åra har Damtjern vorte ein populær badeplass for innbyggjarane på Tranby, Reistad og Lierskogen. Det er to utetolaett utplassert på austsida, samt ein rullestolrampe på sørsida.

Badesesongen vart sterkt redusert sommaren 2006 då nedbøren tok med seg store mengder leire og gjørme. Dette var på grunn av store anleggsarbeid i samband med ein vassleidning, bygging av byggevarehuset Bauhaus og ein motorcross-bane i nærleiken.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Buskerud å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.