Dan Eggen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dan Eggen
Fødd 13. januar 1970
Oslo

Dan Eggen (fødd 13. januar 1970) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Oslo. Midtstopparen spelte 25 landskampar for Noreg i tida 1993-2001, og skåra to landslagsmål. Han deltok i fotball-VM 1994 og 1998, samt i fotball-EM 2000. I 2001 spelte han UEFA-cupfinale med spanske Alavés, ein kamp laget tapte mot engelske Liverpool FC etter ekstraomgangar.

Eggen var fjerdedivisjonsspelar med Ready frå 1988 til -90. Han flytta då til København og spelte BK Frem til 1993, då han vart overført til toppklubben Brøndby. Etter sju sesongar i Danmark reiste han vidare til Spania der han i to år opptrådde i Celta Vigo-drakt, og så frå 1999 i Alavés sine fargar. Hausten pådrog han seg ein langvarig skade. Han avslutta karrieren med 2003/04-sesongen i franske Le Mans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]