Dan Gertler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dan Gertler
Fødd desember 1973
Yrke forretningsdrivande

Dan Gertler (fødd i 1973) er ein israelsk forretningsmann og milliardær i naturressursar. Han er også grunnleggjar og president i DGI (Dan Gertler International).

Gessler har kopar- og diamantinteresser i Den demokratiske republikken Kongo og investert i jarnmalm, gull, kobolt, petroleum, jordbruk og bank Han er god for 2,1 milliarder dollar - over 16 milliarder kroner etter dagens kurs (2017).

Gertler er ofte blitt anklaga for ufine forretningsmetodar i Afrika.[1] Gertler sine forretningar har vore undersøkt av IMF Det internasjonale pengefondet og Verdsbanken sidan 2012 på grunn av kontroversielle forretningsmetodar.[2]

Kontakt med Det norske utanriksdepartementet[endre | endre wikiteksten]

Dagbladet kunne i januar 2017 fortelje at untanriksminister Børge Brende ville freista bruka Dan Gertler for å få Joshua French sett fri frå fangenskap i Kongo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Joan Tilouine (7 April 2016). «Panama papers : Dan Gertler, roi du Congo et de l’offshore». Le Monde (på fransk). Henta 8 May 2016. 
  2. Franz Wild, Michael J. Kavanagh and Jonathan Ferziger (5. desember 2012). «Gertler Earns Billions as Mine Deals Leave Congo Poorest». Bloomberg Markets. Henta 8. mai 2016.