Dan Hartman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dan Hartman
Verkeleg namn Daniel Earl Hartman
Fødd 8. desember 1950(1950-12-08)
Harrisburg i Pennsylvania i USA
Død

3. oktober 1994 (44 år)
Westport i Connecticut i USA[1]

Instrument Vokal, gitar, klaverinstrument, bassgitar
Aktive år 1963–1994
Yrke Songar, låtskrivar, gitarist, klaverspelar, plateprodusent
Tilknytte artistar Edgar Winter Group, 3V, KC & the Sunshine Band
Plateselskap Blue Sky, MCA

Daniel Earl «Dan» Hartman (8. desember 195022. mars 1994) var ein amerikansk musikar, songar, låtskrivar og plateprodusent, mest kjend for songar som «Free Ride» med The Edgar Winter Group og solohittane «Instant Replay» «I Can Dream About You», «We Are The Young» og «Second Nature». Desse var dei mest suksessrike singlane hans i USA.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1970-åra var Dan Hartman medlem av the Edgar Winter Group og var òg med i bandet til Johnny Winter ei tid. Hartman var òg studiomusikar som spelte for ei rekkje artistar som Ian Hunter, Stevie Wonder, Todd Rundgren og Ronnie Montrose. Etter å ha gjeve ut eit soloalbum i 1976, slo han gjennom med eit discoalbum. Oppfølgjaren, Relight My Fire, som sidan vart ein hit for Take That, var ikkje like suksessrikt, og Hartment trekte seg attende til studioarbeid, og produserte .38 Special, the Average White Band og James Brown. Han styrte spakane på comeback-hitten til Brown, «Living in America» i 1986. Hartman hadde ein hit til i 1985 med pop-soul-songen «I Can Dream About You». Igjen var ikkje oppfølgjaren hans like suksessrik og han gjekk attende til produksjonsarbeid. Han førebudd eit nytt album då han døydde i mars 1994 av ein AIDS-relatert hjernesvulst.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Song U.S. Hot 100[2] U.S. R&B[3] U.S. A.C.[4] U.S. Dance[5] UK Singles Chart[6] Australia Album
1976 «High Sign» - - - - - - Images
1977 «Lighthouse» - - - - - -
1978 «Instant Replay» 29 44 - 1 8 6 Instant Replay
«Chocolate Box» - - - - - -
1979 «Time and Space» - - - - - -
«This Is It» 91 - - - 17 -
«Hands Down» - - - 26 - - Relight My Fire
«Boogie All Summer» - - - - - - non-album single
1980 «Vertigo»/«Relight My Fire» 105 - - 1 - - Relight My Fire
1981 «It Hurts to Be in Love» 72 - - 48 - - It Hurts to Be in Love
«Heaven in Your Arms» 86 - - - - -
«All I Need» 110[7] - 41 - - -
1984 «I Can Dream About You» 1 6 60 7 8 12 3 I Can Dream About You
«We Are the Young» 25 58 - 1 - -
«Name of the Game» - - - - - -
1985 «Second Nature» 39 - 19 40 66 -
«Get Outta Town» - - - - 99 - Fletch (soundtrack)
1986 «Waiting to See You» - - - - - - Ruthless People (soundtrack)
1988 «The Love You Take» (med Denise Lopez) - - - - - - Scrooged (soundtrack)
1994 «Keep the Fire Burnin'» (med Loleatta Holloway) - - - - 49 - Keep the Fire Burnin'
«The Love in Your Eyes» - - - - - -

[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. www.danhartman.com
  2. Whitburn, Joel. Top Pop Singles 1955-2002. Menomonee Falls, WI; Record Research Books, 2003, p. 304
  3. Whitburn, Joel. Top R&B Singles 1942-1995. Menomonee Falls, WI; Record Research Books, 1996, p. 184.
  4. Whitburn, Joel. Top Adult Contemporary 1961-2001. Menomonee Falls, WI; Record Research Books, 2002, p. 112.
  5. Whitburn, Joel. Hot Dance/Disco 1974-2003. Menomonee Falls, WI; Record Research Books, 2004, p. 118.
  6. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 245. ISBN 1-904994-10-5. 
  7. Bubbling Under - Singles and Albums - 1998 Edition: Joel Whitburn: 9780898201284: Amazon.com: Books
  8. Whitburn, Joel (2004). Hot Dance/Disco 1974-2003. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research. s. 118. ISBN 0-89820-156-X. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]