Dan Jansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dan Jansen

Statsborgarskap USA
Fødd 17. juni 1965 (58 år)
West Allis, Wisconsin
Yrke skøyteløpar
Høgd 183 centimeter
Dan Jansen på Commons

Dan Jansen (fødd 17. juni 1965) er ein tidlegare skøyteløpar frå West Allis i Wisconsin i USA.

Før OL 1988 i Calgary var Jansen blant gullfavorittane på 500 og 1000 meter. Nokre timar før starten på 500-meteren fekk Jansen ein telefon med beskjed om at søstera hans var i ferd med å døy av leukemi. Nokre få timar etter at han hadde snakka med søstera, fekk han beskjeden om at ho var død. Same kvelden fall Dan Jansen under 500-meterløpet, og seinare i leikane fall han igjen på 1000 meter.

Under OL i Albertville 1992 var Dan Jansen igjen favoritt. Året før hadde han sett verdsrekord på 500 meter. Men også dette OL vart mislykka, med ein fjerdeplass på 500 meter og 26. plass på 1000 meter.

OL på Lillehammer i 1994 skulle bli Jansens siste sjanse til å vinne ein olympisk medalje. Mellom 1992 og 1994 var Jansen den einaste som hadde gått 500 meter under 36 sekund, ein prestasjon han hadde gjenteke fire gonger. På Lillehammer kom Dan Jansen på ein åttandeplass på 500 meter, og det såg ut til at han skulle bli utan olympisk medalje. På 1000 meter, fekk Jansen endeleg revansj og tok gull og sette ny verdsrekord. Medaljen dedikerte han til den avdøde søstera si. Dan Jansen vart innlemma i United States Olympic Hall of Fame i 2004.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]