Dan O’Brien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dan O’Brien
Dan O'Brian-edit.jpg
Fødd 18. juli 1966
Portland i Oregon
Yrke combined track and field event athlete, tikjemper
Dan O’Brien på Commons

Daniel Dion O'Brien (fødd 18. juli 1966) er ein USA-amerikansk tidlegare mangekjempar, fødd i Portland i Oregon. Han vann tikampen i tre verdsmeisterskap i friidrett på rad; Tokyo 1991, Stuttgart 1993 og Göteborg 1995. I 1996 vann han den olympiske gullmedaljen i Atlanta.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

O’Brien vann ein suveren siger i tikamp i friidretts-VM 1991 i Tokyo, og sette meisterskapsrekord med 8 812 poeng. Året etter mislukkast han i å kvalifisere seg til OL 1992 i Barcelona då han bomma heilt i stavhopp. Ein månad etter sommarleikane slo han verdsrekorden til briten Daley Thompson, då han i Talence i Frankrike vann ei tevling etter å ha plukka 8 891 poeng. Noteringa var verdsrekord i sju år.

O’Brien forsvarte VM-tittelen i tikamp både i 1993 og i 1995, i begge tevlingane hadde han sterkast konkurranse frå Eduard Hämäläinen frå Kviterussland. Under Sommar-OL 1996 sikra O’Brien seg den olympiske meistertittelen i tikamp, med over hundre poengs margin Frank Busemann frå Tyskland.

Etter 1998-sesongen var O’Brien mykje hemma av skadar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 1991 i Tokyo: Gullmedalje – 8 812 poeng, framom Mike Smith (8 549)
  • VM 1993 i Stuttgart: Gullmedalje – 8 817 p, framom Eduard Hämäläinen (8 724)
  • VM 1995 i Göteborg: Gullmedalje – 8 695 p, framom Eduard Hämäläinen (8 489)
  • OL 1996 i Atlanta: Gullmedalje – 8 824 p, framom Frank Busemann (8 706)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]