Dan Petrescu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dan Petrescu

Dan Petrescu 2012.jpg

Statsborgarskap Romania
Fødd 22. desember 1967 (54 år)
București
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1998, VM i fotball 1994, EM i fotball 1996, EM i fotball 2000

Utmerkingar

Sport Merit Order

Daniel Vasile Petrescu (fødd 22. desember 1967) er ein rumensk fotballtrenar og tidlegare -spelar frå Bucuresti. Han opplevde suksess med i Steaua București i tida 1987-91 og med Chelsea tida 1995-2000. Petrescu var høgreback på det rumenske landslaget i perioden 1989-2000.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Petrescu var aktiv for Steaua București frå 1986. Fram til 1991 skåra han 28 ligamål på 95 kampar. Høgdepunktet med Steaua var finalen i europacupen 1989, trass i at det vart tap 0–4 mot eit framifrå AC Milan-mannskap. I 1991 skreiv han kontrakt med Foggia Calcio i Italia, to sesongar seinare gjekk turen vidare til Genoa CFC. Etter han utmerkte seg i Fotball-VM i 1994 vart Petrescu overført til Sheffield Wednesday i England. Allereie året etter vart han Chelsea-spelar, der han gjorde manns jobb for eit lag som mellom anna vann Cupvinnarcupen 1998. Vårsesongen 2020 rauk Petrescu uklar med sjefstrenar Gianluca Vialli. Frå hausten 2000 til 2003 gjorde han så teneste, ein sesong i kvar av klubbane Bradford City, Southampton FC og Național București.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Frå debuten 29. mars 1989 til 7. oktober 2000 spelte Petrescu 95 landskampar for Romania og skåra 12 mål. Han deltok i VM i fotball 1994, EM i fotball 1996, VM i fotball 1998 og EM i fotball 2000.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av UEFA-cupen: 1998 for Chelsea FC
  • Finalist i europacupen: 1989 for FC Steaua
  • Seriemeister i Romania: 1986, 1988 og 1989 for FC Steaua
  • Rumensk cupvinnar: 1989 for FC Steaua
  • Vinnar av FA-cupen: 1997 for Chelsea FC
  • Vinnar av den engelske ligacupen: 1998 for Chelsea FC

Petrescu har vore fotballtrenar i heimlandet, i Polen, Russland, Tyrkia, Qatar, UAE-Arabia og Kina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]