Dana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dana er rekna som den keltiske morgudinna. Ho er dotter av Dagda og mor til irske gudane. Ho er rekna som gudinne for grøde og kjærleik. Gudefolket i Irland er kalla «Folket til gudinna Dana», Tuatha dé Danann.

Dana er rekna saman med Anann og Brigit i ei treeining, og desse tre kan sjåast som aspekt av same gudinna. Som Brigit vert ho æra ved festen Imbolc den 2. februar, ei gamal reinskingsfest. Brigit er gudinna som har gjeve namn til britane, og til øya Britannia.

Dana-kulten er nok svært gamal. Somme religionsforskarar meiner dei kan finne namnet att i fleire europeiske elvenamn, og i namnet på ei rekke historiske folkeslag. Slik kan ho ha vore ei gamal elvegudinne som har vore dyrka over store område. Namnet Dana er halde saman med den gamalskytiske Disni, gudinna Diana hjå romarane, og elvene Donau, Dnjepr og Dnjestr eller frå gamalt Tanaïs. Vidare kan vi spore namnet hennar i dei greske danaene, og vidare i folkenamnet danar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]