Dandy in the Underworld
Dandy in the Underworld Studioalbum av T. Rex | ||
Utgjeve | Mars 1977 | |
Innspelt | 1976 MRI Studios, Los Angeles; Decibel Studios, London; AIR Studios, London; Trident Studios London. | |
Sjanger | Glamrock, rock and roll | |
Lengd | 37:52 | |
Selskap | EMI / T.Rex Wax Co BLN 5005 | |
Produsent | Marc Bolan | |
Kritikk | ||
---|---|---|
|
||
T. Rex-kronologi | ||
Futuristic Dragon (1976) |
Dandy in the Underworld |
|
Dandy in the Underworld er det trettande og siste studioalbumet til det britiske rockebandet T. Rex. Det kom ut 11. mars 1977 og nådde 26. plass i Storbritannia. Dette var den høgaste plasseringa til bandet sidan Zinc Alloy and the Hidden Riders of Tomorrow i 1974.
Då albumet kmo ut var Marc Bolan og T.Rex på turne i Storbritannia, med The Damned som oppvarmingsband. Dandy in the Underworld fekk stort sett positiv kritikk og betre kritikk enn noko T. Rex-album dei siste fem åra. Innspelinga av albumet hadde starta i Los Angeles i august 1976 og halde fram ut året i britiske studio.
Dandy in the Underworld vart lansert på den viktigaste punkrock-staden i London, The Roxy. Berre tittelsporet frå albumet vart gjeven ut som singel, men gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia.
Etter tre kommersielt svake album, vart Dandy in the Underworld av mange rekna som eit comeback for T. Rex, men det skulle vise seg å bli det siste albumet deira, sidan Marc Bolan døydde i ei bilulukke i september 1977.
Innhald[endre | endre wikiteksten]
Alle songar er skrivne av Marc Bolan.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Dandy in the Underworld» | 4:33 |
2. | «Crimson Moon» | 3:22 |
3. | «Universe» | 2:43 |
4. | «I'm a Fool For You Girl» | 2:16 |
5. | «I Love to Boogie» | 2:14 |
6. | «Visions of Domino» | 2:23 |
7. | «Jason B. Sad» | 3:22 |
8. | «Groove a Little» | 3:24 |
9. | «The Soul of My Suit» | 2:37 |
10. | «Hang Ups» | 3:28 |
11. | «Pain and Love» | 3:41 |
12. | «Teen Riot Structure» | 3:33 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
13. | «To Know You Is to Love You (To Know Him is to Love Him)» | 2:43 |
14. | «City Port» | 2:41 |
15. | «Dandy in the Underworld» (Singelutgåva) | 3:49 |
16. | «Tame My Tiger» | 2:30 |
17. | «Celebrate Summer» | 2:36 |
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
- Marc Bolan: vokal, gitarar, bass, perkusjon, maracas, tamburin
- Steve Harley: korvokal
- Alfalpha: Nick Laird-Clowes, Andy Harley, Sam Harley: korvokal
- Gloria Jones and Colin Jacas: korvokal
- Dino Dines: klaverinstrument
- Tony Newman: trommer
- Herbie Flowers: bass
- Scott Edwards: bass
- Paul Humphreys: trommer
- Miller Anderson: gitarar
- Steve Currie: bassgitar
- Davy Lutton: trommer
- Chris Mercer: saksofon
- Bud Beadle: saks/fløyte
- J.B. Long: fiolin
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Dandy in the Underworld» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2011.