Dani Rodrik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dani Rodrik
Dani Rodrik AB.jpg
Fødd14. august 1957
Istanbul
NasjonalitetTyrkia
Områdesamfunnsøkonomi
Yrkesamfunnsøkonom, universitetslærar
InstitusjonarHarvard University
Columbia University
Institute for Advanced Study
London School of Economics
Alma materÉcole normale supérieure
Harvard University
Princeton University
Robert College
DoktorgradsrettleiarAvinash Dixit

Dani Rodrik (fødd 14. august 1957 i Istanbul) er ein tyrkis-amerikansk økonom og professor ved John F. Kennedy School of Government ved Harvard University. Han har særleg arbeidd innanfor internasjonal økonomi, økonomisk utvikling og politisk økonomi. Problemstillingar knytte til føresetnader for god økonomisk politikk, og kvifor nokre styresmakter lukkast betre enn andre, har stått sentralt i forskinga hans.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Rodrik har bakgrunn frå ein sefardisk jødisk familie, og var son av ein pennefabrikant.[1]

Etter å ha avlagt avgangseksamen frå det private Robert College i Istanbul,[2] byrja han studium ved Harvard i 1975. Her tok han ein bachelor-grad med særs god karakter (Summa cum laude), og tok deretter ein Ph.D. i økonomi med ei avhandling med tittelen Studies on the Welfare Theory of Trade and Exchange-rate Policy og ein MPA frå Princeton University.

Han har sidan 2009 skrive i den tyrkiske dagsavisa Radikal.

Han er gift med dottera av den pensjonerte generalen Çetin Doğan som blei dømt til fengsel for deltakinga si i det planlagde kuppforsøket Operasjon slegge (tyrkisk Balyoz Harekâtı) medan han var sjef for generalstaben i 2003.[3][4]

Arbeid[endre | endre wikiteksten]

Rodrik er knytt til National Bureau of Economic Research, Centre for Economic Policy Research (i London), Center for Global Development, Peterson Institute for International Economics og Council on Foreign Relations. Han er medredaktør for Review of Economics and Statistics. Han har motteke stønad frå Carnegie Corporation, Ford Foundation og Rockefeller Foundation. Han er mellom anna tildelt Leontief-prisen for Advancing the Frontiers of Economic Thought i 2002 frå Global Development and Environment Institute.

Nokre publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • 1997 – Has Globalization Gone Too Far? . ISBN 0-88132-241-5
  • 1999 – The New Global Economy and Developing Countries: Making Openness Work . ISBN 1-56517-027-X
  • 2001 – «The Global Governance of Trade As If Development Really Mattered» – UNDP ved system2.net
  • 2003 – In Search of Prosperity: Analytic Narratives on Economic Growth Red. Dani Rodrik . ISBN 0-691-09268-0
  • 2004 – «When Economic Reform Goes Wrong: Cashews in Mozambique» – Brookings Trade Forum 2003  [Med McMillan, Margaret; Horn, Karen]
  • 2007 – One Economics, Many Recipes . ISBN 0-691-12951-7
  • 2011 – The Globalization Paradox . ISBN 978-0-393-07161-0
  • 2015 – Economics Rules: The Rights and Wrongs of the Dismal Science . ISBN 978-0-393-24641-4
  • 2011 – The Globalization Paradox . ISBN 978-0-393-07161-0

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Economist Wants Business and Social Aims to Be in Sync, New York Times 30. januar 2007, vitja 8. januar 2016
  2. (ty) Artikkel i Turkishtime
  3. Col. Çiçek: Gülen-linked parallel structure forged my signature, Daily Sabah, 21. juni 2014, vitja 8. januar 2016
  4. Turkey's Sledgehammer Case: A Severe Blow to Militarism Within, Huffington Post, 12. januar 2012, vitja 8. januar 2016

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]