Daniel A. Vigeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Daniel A. Vigeland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. desember 1847
Død

24. juni 1927 (79 år)

Yrke politikar, bonde
Språk norsk
Politisk parti Venstre

Daniel Andersson Vigeland (29. desember 184724. juni 1927) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Froland i Aust-Agder. Daniel Knutsson Vigeland var morfar hans.

Vigeland gjekk eit halvtårskurs på Viggo Ullmann sin folkehøgskule. I 1877 arva han garden Vigeland i Øyestad etter ein morbror, og han vart gardbrukar der. Han var medlem av heradsstyret i Øyestad frå 1878 til 1913, på seks år nær. Ordførar i fleire år.

Vigeland representerte Nedenes amtStortinget frå 1898 til 1903. Begge valperiodane var han medlem av budsjettkomiteen, 1900-03 også av Lagtinget.

Han døydde på Vigelands-garden av ein nyresjukdom i 1927.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]