Daniel Buskovius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Daniel Buskovius
Fødd 25. januar 1599
Død

11. juni 1677

Yrke prest

Daniel Buskovius (fødd 25. august 1599 i Buskåker i Dalarna i Stora Tuna sokn, død 11. juni 1677 i Kumla i Västerås stift) var ein svensk prest og vert rekna som nasjonalhelt i Sverige.[1]

Daniel Buskovius skulle verta ein av fleire sentrale personar i dei hendingane som under dei nordiske krigane leidde fram til dei mange, store avståingane av fleire gamle norske landskap, der no elles tapet av Båhuslen i 1658 vert rekna som det største tapet av dei alle.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Daniel Buskovius var son av soknepresten i Älvdalen, Johan Birgeri Moræus, og Justina Larsdotter. Han var gift med Brita Larsdotter.

Daniel Buskovius studerte i Västerås, og vart vigd til diakon i 1630.[1] Som prest og kapellan i Älvdalen, var det han som under krigen mellom Sverige og Danmark-Noreg i 1644 hærtok Särna sokn og la dette gamle norske landskapet inn under Sverige.[1]

Frå 1560 var Idre og Serna eitt av i alt ni «underlen» eller «futedøme» under Akershus len, men det er uvisst om denne administrative stillinga til Idre og Serna enno stod ved lag da Buskovius inntok landskapet og gjorde folket der til svenske undersåttar.

Etter det me veit var hærsetjinga velsigna av og gjort på oppdrag frå dronning Kristina av Sverige. Sidan har Idre og Serna vore ein del av Sverige, utan at landskapet noko tid formelt har vorte avstått.

Fyrst i og med grensedraginga i 1751 vart det stadfest at Idre og Särna låg på den svenske sida av riksgrensa.

Landshovding Peter Kruse i Falun hadde fått i oppdrag av det svenske Riksstyret å få svenske bønder frå Dalarna til å gjera eit innfall i Noreg. Ålmugen som samla seg i Mora ved dette høvet var slett ikkje uviljuge til dette. Men dei leit ikkje på dei landshovdingen ville ha til å leia ei slikt føretak. Det vart difor til at han spurte kven dei sjølv ynskte til å leia seg, og hopen ropa alle som ein: «Få vi vårom Daniel så farom vi glade åstad!»

Buskovius ville som prest ikkje taka på seg eit slikt oppdrag. Landshovdingen og prosten, meister Olof, overtydde han likefullt til å takka ja. Han fekk vide fullmakter til å be folket i Sernadalen til gudsteneste, der dei skulle oppmodast til å leggja seg inn under svensk lov og rett, og verta del av det svenske folket. Tok ikkje folket i Sernadalen imot dette, skulle han herja bygdene der med eld og sverd.

Som leiar for to hundre væpna menn frå Mora og Älvdalen, fylgd av ein gamal soldat og ein klokkar, som bar handbok og soknebodsklede som adjutantar, for Buskovius med flokken sin av stad. Etter fire dagsmarsjar kom dei til Serna, der folket utan å kny la seg inn under den svenske trona. Buskovius og fylgjet hans vart mottekne der utan at det flaut blod eller gjort freistnader på motstand av noko slag. Alt fyrste sundagen kunne Buskovius halda gudsteneste i den vesle stavkyrkja der, med nattverd og barnedåp. Mange born vart døypte. Nokre av borna som vart døypte var då så store at dei greip tak i handboka og reiv blad laus frå henne medan dåpen stod på. Dette har Buskovius sjølv skrive om i kyrkjeboka. Av dette kan vi slutta at det må ha gått lang tid mellom kvar gong det hadde vorte forretta gudsteneste i Serna kyrkje av norske prestar.

Etter dette vende Buskovius om. Då hadde han med seg sendemenn frå kvart bygdelag i Serna, som på vegner av sernabuane med eid svor truskap til den svenske trona framføre landshovdingen. På grunn av denne dåden – som fekk Edvard Fredin å gjera han til hovudperson i diktsyklusen Vår Daniel –vart han kvart år løna med tolv tunner korn.

I 1645 vart han kapellan ved Stora Kopparberget og i 1654 domprost i Kumla, Västerås stift. Der døydde han 11. juni 1677.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Buskovius, Daniel, i Svenskt biografiskt handlexikon (1906)