Daniel Forfang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Daniel Forfang
Daniel Forfang.jpg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. desember 1979
Tromsø
Idrett skihopping
Yrke skihoppar, trener

Daniel Forfang (fødd 28. desember 1979) er ein norsk, tidlegare skihoppar som representerte Tromsø Skiklubb. Han debuterte i verdscupen i desember 2001, men hamna langt nede på resultatlistene i internasjonale renn dei tre neste åra. I 2003 utmerka han seg ved å vinne NM-sølv i normal bakke, bak den suverene vinnaren Tommy Ingebrigtsen. 2005-sesongen vart hans beste, han kom på bronseplass i begge NM-tevlingane, og hevda seg inn i mellom bra i verdscupen. Samanlagt i verdscupen kom han på 28. plass. OL-sesongen 2006 starta med ein femteplass under opningshelga i verdscupen, hans beste enkeltresultat. Resten av sesongen vart ein stor nedtur.

Besteplasseringar i internasjonale renn[endre | endre wikiteksten]

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 2002: Nr 5 i normalbakken i Høydalsmo
  • 2003: Sølvmedalje i normalbakken på Lillehammer
  • 2004: Nr 11 i storbakken i Oslo
  • 2005: Bronsemedalje både i normalbakken og i storbakken, begge renna på Lillehammer


Forfang la opp som aktiv hoppar i 2006 på grunn av slankepresset i hoppmiljøet. Han kritiserte landslagsleiinga for manglande oppfølging av problema hans rundt slankepresset.[1]

Kjelder og fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar