Daniel Kvammen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Daniel Kvammen
Fødd27. april 1988 (35 år)
Geilo i Hallingdal
FødestadGeilo
OpphavNoreg
Periode2008 til i dag
Aktiv2015–
Sjanger
Instrumentgitar, song
PlateselskapJansen Plateproduksjon
Verka somsongar, plateartist

Daniel Kvammen (fødd 27. april 1988) er ein norsk låtskrivar og musikar (vokal og gitar) frå Geilo i Hallingdal. Han skreiv sine fyrste låtar medan han jobba som skiheiskontrollør på skiheisanlegget på Geilo.[1]

Daniel Kvammen debuterte som soloartist i 2015 med vise-/country-albumet Fremad i alle retninga på Jansen Plateproduksjon.[2] Albumet vart produsert av Even Ormestad frå bandet Jaga Jazzist og under innspillinga bidrog musikarar som Martin Horntveth og David Wallumrød. Albumet fekk positive omtalar. Aftenposten kalla Kvammen for ein «ferdigstøpt debutant»[3] og lovpriste mangfaldet av stilane på plata. I perioden etter lanseringa vart Daniel Kvammen invitert til fleire sendingar på NRK P3, mellom anna Christine på P3 som intervjuar aktuelle personar i musikkverda. Der fekk han òg laga cover av Astrid S sin slager «2 AM».

Han har òg blitt tildelt Dialektprisen i 2015 av Norsk Målungdom som meinte han er ein framifrå representant for dialektene frå Hallingdalen.[4] Sommaren 2016 arrangerte han Daniel Kvammens Expresstour i samarbeid med busselskapet Nettbuss der han heldt små gratiskonsertar på busshaldeplassar.[5]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

EP[endre | endre wikiteksten]

  • 1988 EP (2015).

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • Du fortenar ein som meg (2015)
  • Daue fugla (2015)
  • Fuck deg, helsing 90-talet (2015)
  • 23. desember (2015)
  • Me dansar ikkje for moro skyld (2017)
  • Som om himmelen revna (2017)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Daniel Kvammen -- Bergen Realistforening». Henta 2. november 2015. 
  2. Oddmund Berge (13. mars 2015). «Anmeldelse: Fremad i alle retninga». groove.no. Henta 4. november 2015. 
  3. Eivind A. Westad Stuen (12. mars 2015). «Daniel Kvammen er en ferdigstøpt debutant». Aftenposten. Henta 2. november 2015. 
  4. «Dialektprisen 2015 går til Daniel Kvammen». Noregs Mållag. Henta 28.01.2016. 
  5. «Daniel Kvammens Expresstour 2016». Henta 11. oktober 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]