Daniel Mahrer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Daniel Mahrer


Statsborgarskap Sveits
Fødd 6. januar 1962 (62 år)
Chur
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1988, Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994

Daniel Mahrer (fødd 6. januar 1962) er ein sveitsisk tidlegare skirennar frå Chur. Han vann bronsemedaljen i utfor under VM i alpine greiner 1991 i Saalbach-Hinterglemm. Frå 1985 til 1993 vann han åtte renn i Verdscupen i alpine greiner, det fyrste i øvinga super-G, hine i utfor. I sine beste sesongar i verdscupen, 1991 og -93, vart han nummer åtte, medan han i utforcupen som best vart nummer to, i 1992-sesongen, bakom landsmannen Franz Heinzer. Totalt stod Mahrer på pallen 23 gongar etter utforrenn og to gongar etter super-G-renn.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Mahrer deltok i sitt fyrste verdscuprenn i Kitzbühel i januar 1985, der han kom på 12. plass. Allereie i debutsesongen hevda han seg i verdseliten i øvinga. I mars same året stilte han til start i sitt fyrste super-G-renn i verdscupen i Furano i Japan, og sigra, ein siger han delte med Steven Lee frå Australia. To veker seinare stod han for fyrste gong på pallen etter eit utforrenn, einast landsmannen Peter Müller rann fortare i Panorama i delstaten British Columbia.

I 1986-sesongen makta Mahrer ikkje å kome på pallen i noko verdscuprenn, men høyrde likevel med i verdseliten i utfor. Utover vinteren 1987 gjorde han det stadig betre i utforløypa, og hamna to gongar på andreplass og ein gong på tredjeplass i utfor i verdscupen.

Mahrer vann to utforrenn i verdscupen i 1987/88-sesongen. Begge gongane viste han landsmenn til andreplassar, i desember 1987 slo han Pirmin Zurbriggen med tre hundredels sekund i Val-d'Isère, medan han i januar 1988 vann klart over Franz Heinzer i Leukerbad.

1989-sesongen var Mahrer på sitt beste. Han steig då på pallen i fem av dei åtte utforrenna i verdscupen. Etter å ha gått til topps i det andre utforrennet i Kitzbühel, framom Marc Girardelli, kom han i løpet av ein månad tre gongar på tredjeplass i verdscuprenn i utfor. Han avslutta sesongen i slutten av februar med ein andreplass i Whistler Mountain, bak Rob Boyd frå Canada.

Mahrer fekk to pallplasseringar i 1990-sesongen. Han vart nummer tre i Schladming i januar og nummer to i Cortina d'Ampezzo i februar. På nyåret i 1991 vann han eit uvanleg jamt utforrenn i Garmisch-Partenkirchen. Med tida 1.55,01 var han berre 0,15 sekundar føre åttandemann i mål. Norske Atle Skårdal på delt andreplass var seks hundredels sekund bak Mahrer. Den 27. januar vann Mahrer si einaste meisterskapsmedalje, då han i Saalbach-Hinterglemm tok bronsen i VM-utforen, landsmannen Franz Heinzer vart verdsmeister, medan Peter Runggaldier frå Italia vart nummer to.

Gjennom 1992-sesongen kom Mahrer fire gongar på pallen i verdscuprenn, alle i utfor. Han vart nummer to etter Heinzer i Kitzbühel i januar, før han i mars månad starta med å verte nummer to i Panorama, ein hundredels sekund bak landsmannen William Besse. Det andre utforrennet i Panorama vann han med fire hundredels margin til nordmannen Jan Einar Thorsen. Og veka etter gjekk Mahrer til topps i Aspen i delstaten Colorado.

Mahrer vann i januar 1993 på ny eit utforrenn i Garmisch-Partenkirchen, seinare i sesongen fekk han andreplassar i utfor i spanske Sierra Nevada og i super-G i norske Kvitfjell. Midt i desember 1993 vart han nummer to i eit utforrenn i Val d'Isère, hans einaste pallplass i OL-sesongen 1994.

I 1995-sesongen klarte Mahrer berre sjeldan å hevde seg i verdscupen. Ein fjerdeplass i utfor på Kvitfjell i mars månad var hans beste plassering. Stillinga var mykje den same i 1996, men han fekk med seg ei pallplassering då han i slutten av januar vart nummer tre i eit utforrenn i Veysonnaz. Ved sesongslutt 1996 la han opp.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Dato Ort Land Øving
3. mars 1985 Furano Japan Super-G
7. desember 1987 Val-d'Isère Frankrike Utfor
24. januar 1988 Leukerbad Sveits Utfor
14. januar 1989 Kitzbühel Austerrike Utfor
5. januar 1991 Garmisch-Partenkirchen Tyskland Utfor
7. mars 1992 Panorama Canada Utfor
14. mars 1992 Aspen USA Utfor
11. januar 1993 Garmisch-Partenkirchen Tyskland Utfor

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]