Daniel O'Donnell
| Daniel O'Donnell | |||
| | |||
| Fødd | 12. desember 1961 (64 år) | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Cionn Caslach | ||
| Opphav | Irland | ||
| Aktiv | 1980– | ||
| Sjanger | country | ||
| Instrument | vokal | ||
| Stemmetype | tenor | ||
| Verka som | songar | ||
| Gift med | Majella O'Donnell | ||
| Prisar | medlem av Den britiske imperieordenen | ||
Daniel O'Donnell (fødd 12. desember 1961) er ein irsk songar,[1] TV-vert og filantrop.[2] Etter gjennombrote sitt i Irland og Storbritannia i 1983 har han òg hatt betydeleg suksess i USA[3] og Australia.[4] I 2012 blei han den første artisten som hadde eit nytt album på dei britiske hitlistene kvart år i 25 år på rad.[5]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]O'Donnell voks opp i landsbyen Kincasslagh i The Rosses vest i County Donegal i Irland. Han var den yngste av fem ungar. Songaren Margo var ei eldre syster. Faren døydde av hjarteinfarkt då O'Donnell var seks år gammal.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]I 1980 drog O'Donnell til Galway for å studera økonomi. Han fann seg ikkje til rette, og ved juletider var han blitt med i bandet til systera Margo, som allereie hadde byrja ein musikalsk karriere.
I 1983 bestemte O'Donnell seg for å spela inn sin eigen musikk. 9. februar 1983 spelte han inn den fyrste singelen sin, «My Donegal Shore» av Johnny McCauley, med 1200 pund av sine eigne pengar. Seinare det året skipa han sitt eige band, Country Fever. Etter at dette bandet blei oppløyst skipa han The Grassroots. I 1985 såg manageren for plateselskapet Ritz, Mick Clerkin, han opptre og introduserte han for Sean Reilly, som har vore manageren hans sidan.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «About Daniel». Daniel O'donnell Official Website. Henta 2. mai 2013.
- ↑ «O'Donnell made honorary MBE». BBC News. 31. december 2001.
{{cite news}}: Check date values in:|date=(hjelp) - ↑ «Daniel O Donnell Tickets & 2011 Concert Tour Dates». Getmein.com. Arkivert frå originalen 4. juli 2017. Henta 25. august 2011.
- ↑ «Daniel O'Donnell lights the way for Aussie fans». Belfast Telegraph. 6. september 2010. Henta 18. april 2012.
{{cite news}}: CS1 maint: deprecated archival service (link) - ↑ «Daniel O'Donnell secures unique UK charts record». Highland Radio. Henta 7. november 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Daniel O'Donnell» frå Wikipedia på dansk og «Daniel O'Donnell» frå Wikipedia på engelsk, den 8. september 2025.