Daniglasial

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Daniglasial er ein geokronologisk tidsperiode som omfattar den eldste delen av avsmeltingstida etter den siste istida, då isen trekte seg attende frå Jylland og dei danske øyane. Namnet kjem av dansk og glasial og vart innført av den svenske geologen Gerard De Geer.

Daniglasial enda for omkring 15 000 år sidan og glei over i den etterfølgjande gotiglasiale perioden. Namnet vert lite nytta i dag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«daniglasial» i Store norske leksikon, snl.no.