Retsforbundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Danmarks Retsforbund)
Retsforbundet

LandDanmark
Grunnlagt1919
HovudkvarterKøbenhavn
IdeologiGeorgisme, euroskeptisisme Sjå dette på Wikidata

Retsforbundet, tidlegare Danmarks Retsforbund, er eit dansk politiske parti som vart stifta i 1919.[1] Georgismen er det ideologiske grunnlaget for partiet.[1]

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Politikken til partiet byggjer på tre hovudpunkt. Frihandel, avgrensing av statsmakta og «full grundskyld» eller «full grunnrente». Med «full grundskyld» vert meint at staten si einaste rettkome kjelde til inntekt er den samfunnsmessige meirverdien av jordrente i staden for skatt på inntekt frå arbeid. All inntektsskatt, moms og toll skal difor avviklast. Retsforbundet er altså eit utprega liberalistisk parti.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Danmarks Retsforbund vart stifta 21. oktober 1919. Stiftarane var inspirerte av den amerikanske filosofen Henry George, i tillegg til den danske retts- og moralfilosofen Severin Christensen.

Danmarks Retsforbund vart første gong vald til Folketinget i 1924. Opp gjennom 1920-talet og 1930-talet var dei representert med ein eller to representantar (dette var før sperrereglane var innført i det danske valsystemet). Under krigen deltok folketingsmedlemmet, og seinare fiskeriminister, Oluf Pedersen som sekretær i det såkalla samarbeidsutvalet.

Etter frigjeringa medverka partiet sin frihandelsideologi til at ein markerte seg sterkt mot etterkrigsrasjoneringa. Det kom mellom anna til uttrykk ved at regjeringa Hans Hedtoft måtte gå av i 1950 på spørsmålet om oppheving av smørrasjoneringa. Ein tala den gong om at regjeringa «gled i smørret». Retsforbundet opplevde i dei fylgjande åra ein markant suksess, og oppnådde ved valet i 1953 ei folketingsgruppe på tolv medlemer.

Etter folketingsvalet i 1960 rauk Retsforbundet ut av Folketinget.

I samband med avrøystinga om Danmark skulle gå inn i EF i 1972 markerte Retsforbundet seg som det einaste borgarlege motstandarpartiet. Partiet deltok i stiftinga av den danske folkerørsla mot EF Folkebevægelsen mod EF. Ved valet i 1973 fekk ein enno ei gong vald inn folk i Folketinget. Ved valet i 1981 fekk partiet ingen inn i Folketinget. Sidan har oppslutnaden gått ned, og etter 1990 har ikkje partiet stilt liste til folketingsval.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Redaktør (25. november 2021), «FAQ», Retsforbundet (på dansk), henta 24. november 2023