Danmarks plass haldeplass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Danmarksplass haldeplass)
Danmarks plass


Stasjonsområde
Stad Danmarksplass i Årstad i Bergen
Distanse 2,38 km frå Byparken
Opna 22. juni 2010
Arkitekt CUBUS
Plattformer 2
Linjer og rutedrift
Linje(r) Bybanen
Operatør(ar) På vegne av Skyss:
Fjord1 Partner (2010-2014)
Keolis Norge (2014-i dag)
Rute(r) Byparken-Lagunen
Overgang
Buss Vikens gate
Fjøsangervegen
Danmarksplass
Kart
Danmarksplass stasjon

Danmarks plass er ein haldeplass på linje 1 på Bybanen i Bergen. Haldeplassen ligg på Danmarksplass i Årstad i Bergen, og opna 22. juni 2010.

Plasseringa av den eine plattforma på denne haldeplassen avvik frå dei andre haldeplassane langs Bybanen. Den vestlege plattforma ligg mellom spora, ikkje på utsida av spora. Dette er gjort av di ein ikkje ynskte at dei ventande passasjerane skulle stå tett opp til den sterkt trafikkerte Fjøsangervegen. Denne utforminga gjer òg haldeplassen sikrare for passasjerane, då dei berre treng å krysse eit spor på veg til plattforma. Avstiging for sørgåande bane vert dimed på venstre side.