Danny Cummings

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Danny Cummings
Danny Cummings.jpg
Danny Cummings at the NAC in Ottawa Ontario July 2005.
FødestadSheffield, Yorkshire, England
OpphavStorbritannia
SjangerRock, latin, keltisk rock, country, blues
Instrumenttrommer, perkusjon
Tilknytte artistarMark Knopfler, Dire Straits
PlateselskapVertigo, Mercury
Verka somperkusjonist, trommeslagar

Danny Cummings er ein engelsk perkusjonist og trommeslagar frå Sheffield.

Cummings har spelt perkusjon for artistar som John Martyn, Dire Straits, Luz Casal, Johnny Hallyday, Tina Turner, George Michael, Les McKeown, Penguin Café Orchestra, Elton John, Pet Shop Boys, Simply Red, Daniel Bedingfield, Talk Talk, David Sylvian, Mark Knopfler, Depeche Mode og Bryan Adams. Han er framståande på «Ocean Drive» av The Lighthouse Family og den cabaret-aktige «Shag Tobacco» av Gavin Friday.

Danny har delteke på fleire prosjekt med Mark Knopfler, både som ein del av Dire Straits og i solobandet hans Knopfler. Cummings spelte perkusjon på det siste Dire Straits-albumet On Every Street og han har spelt på Knofpler-albuma All the Roadrunning, Kill to Get Crimson og Get Lucky. Han har òg turnert mykje med Knopfler.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]