Danny Harris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Danny Harris


Statsborgarskap USA
Fødd 7. september 1965 (58 år)
Torrance
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1984

Daniel Lee Harris (fødd 7. september 1965) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar som spesialiserte seg på 400 meter hekk. Han vann sølvmedaljen både under Sommar-OL 1984 og Friidretts-VM 1987.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Harris slo gjennom i 1984. Den 17. juni i Los Angeles fekk han notert sterke 48,02 sekund på langhekken. Same staden sju veker seinare kom han i mål på 48,13 i OL-finalen og kneip sølvmedaljen framom Harald Schmid, Edwin Moses kunne ingen av dei gjere noko med. Eitt år seinare forbetra Harris sitt personbeste til 47,63 i Zürich. Sommaren 1987 slo han suverene Edwin Moses i eit stemne i Madrid. I Roma-VM i august same året fekk publikum sjå ein sjeldan stor finale, der Edwin Moses lukkast vinne med to hundredels margin til Danny Harris og bronsevinnar Harald Schmid, begge desse persa med tida 47,48. 10. juli 1991 kom Harris i mål til livsbeste i øvinga, tida 47,39 gav han sigeren ved eit stemne i Lausanne. Han kom tilbake i 1995 og sprang 400 m hekk på sterke 47,56 i Brussel, men fekk ikkje delta i [8VM i friidrett 1995|Göteborg-VM]].

Doping[endre | endre wikiteksten]

I 1992 vedgjekk Harris bruk av kokain og stengt ute frå idrett i 3 år.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]