Danny Kirwan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Danny Kirwan

Danny Kirwan med Fleetwood Mac, 18. mars 1970
Fødd13. mai 1950 (73 år)
FødestadWestminster
Død8. juni 2018
DødsstadLondon
FødenamnDaniel David Kirwan
OpphavStorbritannia
Aktiv1966–1979
SjangerBluesrock, blues, rock
Instrumentvokal, gitar
Tilknytte artistarBoilerhouse (1966–1968), Fleetwood Mac (1968–1972)
PlateselskapBlue Horizon, Reprise, DJM
Verka somMusikar, låtskrivar

Daniel David «Danny» Kirwan (fødd 13. mai 1950, død 8. juni 2018) var ein britisk musikar som hadde størst suksess som gitarist, songar og låtskrivar med bluesrockbandet Fleetwood Mac mellom 1968 og 1972.

Kirwan spelte i Fleetwood Mac i perioden mellom den tidlege bluesrock-tida deira og meir vanleg pop og rock, frå seint i 1960-åra til tidleg i 1970-åra. Dette var før Stevie Nicks og Lindsey Buckingham). Kirwan vart oppdaga av Fleetwood Mac-medlemmane Peter Green og Mick Fleetwood då han som 18-åring var frontmann i eit lokalt band kalla Boilerhouse. Green tok den unge gitaristen under vengjene sine, og prøvde å finne andre musikarar som Kirwan kunne spele med (som var av same kaliber som han sjølv), men fann ingen.[1] Green inviterte då med seg Kirwan i bandet i august 1968. Sjølv om Kirwan inspirerte bandet til å gje ut klassiske utgjevingar som Then Play On i 1969, Kiln House i 1970, Future Games i 1971 og Bare Trees i 1972, såg dei andre bandmedlemmane etter kort tid den mørke sida til den unge musikaren, som sleit med alkoholmisbruk og humørsvingingar.[1]

Etter kvart byrja situasjonen å slite på gruppa, og etter ei særskild hending på ein turné i 1972 då Kirwan knuste gitaren sin før ein konsert og nekta og spele, fekk den då 22 år gamle gitaristen sparken i bandet.[1] Kirwan la så ut på ein solokarriere og gav ut obskure plater som Second Chapter i 1975 (med tidlegare Chicken Shack-medlemmane Andy Sylvester og Paul Raymond), Midnight in San Juan i 1976 og Hello There Big Boy! i 1979, før Kirwan forsvann frå søkelyset. I 1990-åra gjekk det rykte om at Kirwan var heimlaus og sleit, noko Kirwan stadfesta sjølv i eit intervju med ei London-avis i 1993.[1] Mot slutten av 1990-åra hadde Kirwan kome på fote att, og gav ut ei samleplate med musikken sin, Ram Jam City i mai 2000.

Kirwan vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1998 for arbeidet sitt med Fleetwood Mac, men var ikkje med på seremonien.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]