Danny Kortchmar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Danny Kortchmar
Fødd6. april 1946 (73 år)
FødestadNew York City i New York i USA
AliasDanny Kootch
OpphavUSA
Aktiv1960-åra til i dag
SjangerRock, pop, blues, rhythm and blues
InstrumentGitar
PlateselskapWarner Bros.
Asylum Records
Verka somMusikar, låtskrivar

Daniel Kortchmar (fødd 6. april 1946) er ein amerikansk gitarist, studiomusikar, plateprodusent og låtskrivar. Kortchmar sitt arbeid med songar-låtskrivarar som David Crosby, Carole King, Graham Nash, Carly Simon og James Taylor har vore med på å definere signaturstilen til songar-låtskrivar-tida i 1970-åra. Jackson Browne og Don Henley har spelt mange av songar skrivne eller delvis skrivne av Kortchmar, og Kortchmar var Henley sin låtskrivar- og produsentpartner i 1980-åra.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Kortchmar vart først kjend i midten av 1960-åra då han spelte i band i heimbyen New York City, som The Kingbees og The Flying Machine, med den då ukjende James Taylor I 1966 reiste Kortchmar til England, der han ei tid arbeidde som studiomusikar.

I 1967 vart Kortchmar med i The Fugs,[1] og spelte på albumet deira Tenderness Junction i 1968, før han følgde bassisten Charles Larkey til California, der dei slo seg saman med Carole King i ein trio kalla The City. Gruppa produserte eitt album i 1969, Now That Everything's Been Said, som fekk god kritikk, men som selde dårleg. Gruppa vart oppløyst etter kort tid, men Kortchmar fortsette å spele for King i den meir suksessrike solokarrieren hennar, mellom anna det banebrytande albumet Tapestry i 1971. I 1970 møtte Kortchmar igjen venen Taylor og spelte på gjennombrotsalbumet hans, Sweet Baby James.[1] Kortchmar sitt arbeid med Taylor og King gjorde han til ein av dei mest etterspurte gitaristane i Los Angeles i 1970- og 1980-åra. Han turnerte og spelte inn med Linda Ronstadt på denne tida, og var med i musikkvideoane hennar.

Kortchmar arbeidde òg på eiga hand og spelte i bandet Jo Mama i 1970 og 1971 og spelte inn soloalbuma Kootch (1973) og Innuendo (1980), men hadde større suksess i lag med artistar som Linda Ronstadt, Warren Zevon, Harry Nilsson og Jackson Browne (då Browne spelte inn Kortchmar-songen «Shaky Town» for Running on Empty, song Kortchmar harmonivokal). I 1970-åra spelte han inn tre album med Leland Sklar, Russ Kunkel og Craig Doerge, som The Section.

Kortchmar spelte inn to album som ein del av bandet Attitudes, med Jim Keltner, David Foster og Paul Stallworth, for George Harrison sitt Dark Horse. Det sjølvtittulerte albumet Attitudes inneheld Kortchmar sin «Honey Don't Leave L.A», som vart spelt inn av James Taylor. Det andre albumet Good News inneheld fleire songar av Kortchmar.

Han skreiv musikk for Cheech & Chong-filmen Up in Smoke og har produsert fleire innspelingar av Don Henley,[1] Neil Young, Jon Bon Jovi, Stevie Nicks, Billy Joel, Hanson, Tracy Chapman, Louise Goffin og andre. Han er med på gitar på Carole King-albumet Thoroughbred i 1975.

Han hadde ei rolle som Ronnie Pudding (bassisten til Spinal Tap i dei tidlege åra) i videoklippet «Gimme Some Money» frå mockumentaren This Is Spinal Tap frå 1984.

I 1984 var han med å produsere og spele på Don Henley-albumet Building the Perfect Beast. Her skreiv han songane «You're Not Drinking Enough» og «All She Wants To Do Is Dance». I tillegg var han medlåtskrivar på «You Can't Make Love», «Man With A Mission», «Not Enough Love in the World», «Building the Perfect Beast», «Sunset Grill» og «Drivin' With Your Eyes Closed».[2] I 1989 spelte han igjen med og produserte Don Henley-albumet The End of the Innocence.[3]

Kortchmar starta ei ny gruppe, the Midnight Eleven, i 2004, og bandet gav ut det første albumet sitt i 2005.[4]

I 2006 var han medprodusent på Hanson-albumet The Walk, som kom ut i USA sommaren 2007.[4]

I nyare tid har Kortchmar skipa gruppa «Slo Leak» som hovudsakleg speler bluesrock.

I 2010 vart Kortchmar med på Troubadour Reunion Tour med Taylor og King og Section-medlemmane Lee Sklar og Russ Kunkel.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

  • 1973 Kootch (Warner Bros.)
  • 1980 Innuendo (Asylum)

Med andre artistar[endre | endre wikiteksten]

  • 1969 The City / Now That Everything's Been Said (Ode)
  • 1970 Jo Mama / Jo Mama (Atlantic)
  • 1971 Jo Mama / J Is for Jump (Atlantic)
  • 1971 James Taylor and the Original Flying Machine
  • 1975 Attitudes / Attitudes (Dark Horse)
  • 1977 «Running On Empty» med Jackson Browne
  • 1977 Attitudes / Good News (Dark Horse)
  • 1978 Warren Zevon / Nighttime In The Switching Yard (Excitable Boy LP)
  • 1981 «Shot of love» med Bob Dylan
  • 2005 Midnight Eleven / Midnight Eleven

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Ankeny, Jason at allmusic
  2. Liner Notes «Building the Perfect Beast» © 1984 The David Geffen Company
  3. Liner Notes «The End of the Innocence» © 1989 The David Geffen Company
  4. 4,0 4,1 Danny Kortchmar biography on unofficial website

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]