Danny McCulloch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Danny McCulloch (1967)

Daniel Joseph «Danny» McCulloch (fødd 18. juli 1945) er ein engelsk musikar, mest kjend som bassist i den psykedeliske rockegruppa Eric Burdon & The Animals.[1]

McCulloch vart fødd i Shepherd's Bush i London i England. Seint i 1966, etter at den originale utgåva av The Animals vart oppløyst, vart McCulloch med «New Animals». Dei gav ut ei rekkje album og hitsinglar, som «San Franciscan Nights», «Monterey» og «Sky Pilot». Bandmedlemmane Vic Briggs og McCulloch vart sparka frå bandet.

McCulloch og Briggs starta så ein duo i lag. I 1969 gav dei ut albumet Wings of a Man. I 1971 var McCulloch bassist på soloalbumet til Red King.

I 1993 sette han saman ei ny Animals-gruppe, som spelte inn gamle hittar og nokre få nye. I 1995 spelte han inn det andre soloalbumet sitt, Beowulf. I 2000-åra turnerte han med eit nytt Animals-band, kalla Animals and Friends.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eder, Bruce. «Biography: Danny McCulloch». Allmusic. Henta 15. desember 2011.