Danny Weis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Danny Weiss
Fødd28. september 1948 (75 år)
FødestadHuntington Park i California
OpphavUSA
Instrumentbassgitar, piano
Tilknytte artistar
Verka somMusikar, låtskrivar

Danny Weis (fødd 28. september 1948) er ein USA-amerikansk gitarist, mest kjend som opphavleg medlem i både Iron Butterfly og Rhinoceros, og som medlåtskrivar på den einaste hitten til Rhinoceros, «Apricot Brandy». Sjølv om han slutta i Iron Butterfly etter berre eitt album på grunn av krangling i bandet,[1] var arbeidet hans i bandet ei inspirasjonskjelde for dei gjennom det meste av historia deira, sidan erstattaren hans Erik Brann prøvde å etterlikne spelestilen hans. Weis sa seinare «Erik Braunn erstatta meg i Iron Butterfly, og om eg hugsa det rett så kjøpte han mykje av utstyret mitt, somme av kleda mine, dei prøvde praktisk talt å klone meg...»[1]

Etter Rhinoceros vart oppløyst i 1970 var Weis ei kort stund medlem i The Rascals.[1] Han skipa så bandet Blackstone i lag med fleire medlemmar frå Rhinoceros, som vart oppløyst etter å ha gjeve ut eitt album.[2]

I 1974 spelte Weis sologitar på Lou Reed-albumet Sally Can't Dance og den påfølgjande verdsturneen.

I 1979 var Weis bandleiar og gitarist i «The Rose Band» i filmen The Rose med Bette Midler.[3]

I desember 2006 kom det første soloalbumet hans ut, eit instrumentalt smooth jazz-album kalla Sweet Spot, som kom ut på Marshmellow Records.[4][5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 2001. juni 2001 Interview with Danny Weis, Official Rhinoceros web site.
  2. Blackstone biography, AllMusicGuide.
  3. Full Cast and Crew for The Rose, IMDb. Henta 24. juli 2011.
  4. Sweet Spot info, Premiere Jazz.
  5. Sweet Spot review, AllMusicGuide.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]