Dansevise

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Dansevise»
Song av Grethe og Jørgen Ingmann

Land Danmark
Språk Dansk
Utgjeve 1963
Sjanger Ballade
Lengd 02:57
Selskap Metronome[1]
Låtskrivar(ar) Otto Francker
Sejr Volmer-Sørensen

«Dansevise» er ein dansk slagerballade som vann Eurovision Song Contest 1963 for Danmark. Songen er komponert av Otto Francker, mens Sejr Volmer-Sørensen skreiv teksta. Songen vart framført av Grethe Ingmann, akkompagnert av ektemannen Jørgen Ingmann på gitar.[2] Dette var fyrste gongen ein duett vann songtevlinga, og det var fyrste gongen eit skandinavisk land gjekk sigrande ut i Eurovision Song Contest. «Dansevise» er også den fyrste vinnarlåten som kom inn på VG-lista i Noreg.[3]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

«Dansevise» var eitt av åtte bidrag som deltok i finalen av Dansk Melodi Grand Prix i Tivoli i København 24. februar 1963. Faktisk var det berre så vidt songen i det heile tatt vart klar til Dansk Melodi Grand Prix. Tekstforfattar Sejr Volmer-Sørensen skreiv nemleg teksta i hui og hast, berre timar før innleveringsfristen.[4] I den danske finalen var «Dansevise» det tredje bidraget ut på scena, og ein timannsjury kåra songen til ein klar vinnar. «Dansevise» vart dimed det danske bidraget til Eurovision Song Contest i London 23. mars 1963.

Norsk jury-rot sørga for siger[endre | endre wikiteksten]

I London var «Dansevise» det åttande bidraget på scena av til saman 16 bidrag, og under avrøystinga utvikla det seg til ein tett kamp mellom «Dansevise» og det sveitsiske bidraget «T'en va pas». Også Noreg fekk ei sentral rolle, men ikkje på ein like positiv måte. Den norske juryen var nemleg ikkje klar med poenga sine då Noreg vart kalla opp under avrøystinga. I kaoset las difor Roald Øyen opp feil poeng og måtte be programleiaren om å få komme tilbake seinare i avstemminga. På slutten av avrøystinga leia Sveits to poeng foran Danmark. Då dei korrekte norske poenga vart leste opp, bytta Sveits og Danmark plass, slik at Danmark vant Eurovision Song Contest to poeng foran Sveits.[5]

Den norske juryen vart seinare skulda for å ha hjelpt eit naboland til siger, og Sveits protesterte mot resultatet. NRK avviste skuldingane og understreka at den norske juryen hadde gitt riktige poeng. Årsaka til kaoset var at det norske telleapparatet rett og slett ikkje var ferdige med å telle opp røystene då Norge vart kalla opp. Ikkje berre var røystene feil, men ein stressa Øyen las også opp poenga på feil måte. Då Noreg vart kalla opp igjen på slutten av avrøystinga, var resultata frå den norske juryen klare og korrekte. «Vi har god samvittighet med hensyn til resultatet. De 20 jurymedlemmenes stemmesedler ligger i fjernsynet til kontroll om nødvendig», bedyra NRKs Odd Grythe.[6][7]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Dette var fyrste gongen Danmark vann Eurovision Song Contest, og «Dansevise» tok seg inn på singellistene i fleire land. Blant anna nådde den ein sjuandeplass på norske VG-lista, og dette var fyrste gong ein Eurovision Song Contest-vinnar hamna på den norske singellista. «Dansevise» nådde også nummer 49 i Tyskland og nummer 12 i belgiske Vallonia.[8] I Danmark var det i 1963 ikkje éin, nasjonal singelliste, men songen toppa Danmarks Radios Top 20.[4][9]

Liste (1963) Høgaste
plassering
 Danmark (Top 20)[9] 1
 Belgia, Vallonia (Ultratop 50)[10] 12
 Noreg (VG-lista)[11] 7
 Tyskland Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)[12] 49

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Dansevise» vart også gjeven ut på svensk av Anne-Lie Rydé, på finsk av Laila Kinnunen og på nederlandsk av Corry Brokken.[13] I Danmark laga Swan Lee ein coverversjon av songen i 2007, mens Outlandish same år ga ut en egen versjon, kalla «Kom igen». Denne versjonen vart også brukt i fotballspelet FIFA 07.[4]

«Dansevise» har sidan vorte ein evergreen i Danmark, og ein song som vert hugsa av dei fleste vaksne danskar. I 2006 vart «Dansevise» inkludert i Danmarks kulturkanon, som eitt av 108 kulturelle verk med særleg stor tyding for dansk kultur.[14]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Grethe og Jørgen Ingmann ‎– Dansevise». Discogs. Henta 5. februar 2017. 
  2. «Eurovision Song Contest 1963». eurovision.tv. Henta 5. februar 2017. 
  3. «VG-lista (søkbar database)». VG Nett. Henta 5. februar 2017. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Sørensen, Dorte Hygum (26. januar 2013). «Danmarks måske bedste bidrag til Melodi Grand Prix er historien om op- og nedture». Politiken. 
  5. «Eurovision Song Contest 1963». eurovision.tv. Henta 6. desember 2016. 
  6. «Sveitsisk TV protesterer». Verdens Gang. 26. mars 1963. s. 1. 
  7. Eriksen, Espen (25. mars 1963). «Norsk Grand Prix-bommert sendte Danmark til topps». Verdens Gang. s. 22. 
  8. «Grethe & Jørgen Ingmann – Dansevise». danishcharts.com. Arkivert frå originalen 6. februar 2017. Henta 5. februar 2017. 
  9. 9,0 9,1 «Dansevise». danskehitlister.dk. Henta 15. juli 2018. 
  10. «Gigliola Cinquetti ‎ – Non ho l'età». dutchcharts.nl. Henta 6. februar 2017. 
  11. «VG-lista for 'Dansevise'». VG Nett. Henta 15. februar 2018. 
  12. «Gigliola Cinquetti ‎ – Non ho l'età». dutchcharts.nl. Henta 6. februar 2017. 
  13. «Dansevise». danishcharts.com. Henta 5. februar 2017. 
  14. Kulturministeriet (januar 2006). «Kulturkanonen (pdf)» (PDF). Kulturministeriet. Arkivert frå originalen (PDF) 4. mars 2016. Henta 5. februar 2017.