Dansk Melodi Grand Prix

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om den danske tevlinga. For den norske tevlinga, sjå Melodi Grand Prix.
Sjå òg Danmark i Eurovision Song Contest.

Dansk Melodi Grand Prix, forkorta DMGP, er ein årleg dansk musikktevling arrangert av Danmarks Radio (DR) som avgjer representanten til landet til Eurovision Song Contest. Tevlinga har vorte arrangert sidan 1957, med unntak av 1967, 1968, 1969, 1970, 1971, 1972, 1973, 1974, 1975, 1976, 1977, 1998 og 2003.

To vinnarar har òg vunnet Eurovision Song Contest: Grethe og Jørgen Ingmann med «Dansevise» i 1963 og Olsen Brothers med «Fly on the Wings of Love» i 2000.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Semifinalar[endre | endre wikiteksten]

I 2004 vart det innført ein semifinale i Eurovision Song Contest, og på grunn av at Danmark ikkje fekk deltake i Eurovision Song Contest 2003 vart dei ikkje direktekvalifisert til finalen i Eurovision Song Contest 2004. Thomas Thordarsson og songen «Shame on You» enda på 13. plass av totalt 22 bidrag i semifinalen.

I 2005 gjorde DR eit dristig skritt for Dansk Melodi Grand Prix: For fyrste gong var det lov å framføre eit bidrag på eit anna språk enn dansk. Mange av bidraga i 2005 var dimed framførd på engelsk, men mot alle odds vart vinnarsongen, «Tænder på dig» av Jakob Sveistrup, framførd på dansk. Bidraget vart seinare skriven om til engelsk og fekk tittelen «Talking to You». Dette året enda Danmark på tredjeplass i semifinalen og var dimed kvalifisert til finalen der dei enda på niandeplass. Danmark vart dimed direktekvalifisert til finalen i Eurovision Song Contest 2006 der dei enda på 18. plass.

Etter mange dårlege resultat vart det i 2007 innført semifinalar i Dansk Melodi Grand Prix. Dei to semifinalane hadde åtte bidrag kvar der dei fire beste kvalifiserte seg til finalen. I tillegg vart dei fire som ikkje gjekk vidare frå kvar av dei to semifinalane sikra ein ny sjanse. På dei to danske radiokanalane P3 g P4 kunne ein vere med og røyste fram dei to siste finalistane. Vinnaren var DQ med songen «Drama Queen» som enda på 18. plass i Eurovision Song Contest.

DR nytta òg formatet med semifinalar i Dansk Melodi Grand Prix 2008. Simon Mathew vann med songen «All Night Long» og enda på tredjeplass i den andre semifinalen i Eurovision Song Contest 2008. Han kvalifiserte seg dimed til finalen der han enda på 15. plass. Frå og med 2008 har det vorte arrangert to semifinalar i Eurovision Song Contest der berre Storbritannia, Tyskland, Spania, Frankrike, Italia, ofte kalla dei dei fem store, og vertslandet er direktekvalifisert til finalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]