Dansk julemat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dansk julefrokost.
Dansk julemiddag

Dansk julemat har mange fellestrekk den tilsvarande norske maten, som at han inneheld mykje feitt og sukker og ofte blir eten saman med særskilde alkoholdrikkar, men har sjølvsagt òg mange særdanske trekk.

litle julaftan et ein gjerne risgraut som ein drikk mørkt hvidtøl eller saft til. Grauten som ikkje blir eten blir brukt til å laga risalamande (ein slags riskrem) av.

Til middag på julaftan er det vanleg å eta steik av and, gås eller svinflæskesteg — med visse tradisjonelle tilleggsrettar, som sjysaus, kvite og bruna poteter, raudkål, syltetøy (av til dømes rips eller tyttebær), medisterpølse. Nøyaktig kva ein et varierer, som i Noreg, mellom ulike familiar og ut frå kvar ein bur i landet. Tidlegare var det vanleg å servera ein porsjon risgraut før hovudretten, no er det vanlegare med risalamande med kirsebærsaus som dessert etterpå. Ein drikk som regel raudvin og brus til julemiddagen.

Første juledag samlar familiar seg til julefrokost der ein serverer varme — lune og kalde rettar, med smørrebrød som ein viktig del. Drikke er gjerne øl og snaps.

Vanlege typar julemat og -drikke[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]