Dansk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dansk språk)
Hopp til navigering Hopp til søk
Dansk
(dansk)
Klassifisering: Indoeuropeisk

 Germansk
  Nordgermansk
   Dansk

Talarar: danskar
Bruk
Tala i: Flag of Denmark.svg Danmark
Flagget til Tyskland Sydslesvig
Flag of the Faroe Islands.svg Færøyane
Flag of Greenland.svg Grønland
Dansktalande i alt: Mellom fem og seks millionar
Skriftsystem: Latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i: Flag of Denmark.svg Danmark
Flag of the Faroe Islands.svg Færøyane
Flag of Greenland.svg Grønland
Normert av: Dansk Sprognævn
Språkkodar
ISO 639-1: da
ISO 639-2: dan
ISO 639-3: dan
Wikipedia på dansk

Dansk (eigen uttale [ˈdanˀsg][1]) er eit nordgermansk språk snakka av omkring 5,6 millionar menneske[2], hovudsakleg i Danmark og i det tyske landskapet Sydslesvig der det har status av eit minoritetspråk. Små dansktalande fellesskap finst endå i Noreg, Sverige, Spania, Dei amerikanske Sambandsstatane, Canada, Brasil og Argentina. Ogso, inmigrasjonen og språkskiftet i urbane område har ført til at 15-20% av folkesetnaden på Grønland snakkar dansk som fyrste språk[3].

So som andre nordgermanske språk har dansken opphav i urnordisk, fellesspråket til dei germanske folka som busette seg i Skandinavia under vikingtida. Den indre klassifikasjonen av nordgermanske språk er omstridt, med den diakrone og den synkrone modellen som mest godkjende innom språkvitskapen. I den diakrone modellen er dansk og svensk samla under den austnordiske greina i motsetnad til vestnordiske språk norsk, islandsk og færøysk. I den synkrone modellen fell dansk, norsk og svensk saman under den fastlandske gruppa, medan islandsk og færøysk byggjer saman øynordiske språk. Dansk, norsk og svensk er gjensidig forståelege til ein viss grad.

So lenge som til 1500-talet var dansk eit dialektkontinuum snakka mellom Slesvig og Skåne som ikkje hadde noko som helst standardisert tale- eller skriftspråk. Situasjonen endra seg etter oppfinninga av trykking og den protestantske reformasjonen, når riksdansken byrja å utvikle seg på grunnlaget av Københavns dialekt. Språkstandarden breidde seg ovanfor landet gjennom utdanningssystemet og administrasjon, jamvel om tysk og latin framleis var hovudskriftspråka til og med det seine 1600-talet. Etter kontinuerlege landstap mot Sverige og Tyskland, fekk dansken sterkare knyting til den danske nasjonalidentiteten og blei stadig meir populært under 1700- og 1800-talet. I dag størstedelen av folkesetnaden i Danmark snakkar standardspråket og regionale skilnader minskar seg. So som i andre land spelar generasjonsskiftet ei større rolle i språkutviklinga.

Dansk har veldig stort vokalinventar med 27 vokalfonem. Prosodisk merkjer dansken seg ut gjennom stød, ein type av laryngal arikulasjon som i stor grad motsvarer tonelagsdistribusjonen i svensk og norsk. Dansk blir ofte hevda som eit vanskeleg språk å lære og forstå på grunn av sine fonetiske særdrag som ikkje finst i grannespråka. Grammatikken av dansk er delvis bøyingsbasert og liknar mykje svensk, norsk og engelsk. So som andre fastlandske nordiske språk viser dansk og V2-ordstilling der finitte verbformer alltid står på andre plass i ei setning.

Dialektar[endre | endre wikiteksten]

Genera i dei danske dialektane.

Dei viktigaste danske dialektområda er austdansk (bornholmsk), øymål («Sjælland, Fyn og øerne») og jysk, som blir delt opp i sønderjysk og nørrejysk. Nørrejysk blir delt opp i austjysk og vestjysk.

I dei danske dialektane finst det både eitt, to og tre genera, som blir markerte med determinativ.

Dansk teljemåte[endre | endre wikiteksten]

Den danske teljemåten er delvis basert på tjuetalsystemet. Halvtridje, halvfjerde og halvfemte er eldre uttrykksmåtar for 2½, 3½ og 4½ (jf. norsk halvannan med ydninga 1½).

  • 50: halvtredsindstyve (halvtreds) = 2½ x 20 (eldre: halvtredje sinde tyve)
  • 60: tresindstyve (tres) = 3 x 20 (eldre: tre sinde tyve)
  • 70: halvfjerdsindstyve (halvfjerds) = 3½ x 20 (eldre: halvfjerde sinde tyve)
  • 80: firsindstyve (firs) = 4 x 20 (eldre: fire sinde tyve)
  • 90: halvfemsindstyve (halvfems) = 4½ x 20 (eldre: halvfemte sinde tyve)

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipediadansk


  1. «dansk — Den Danske Ordbog», ordnet.dk (på dansk), henta 2018-09-15 
  2. «Danish». Ethnologue (på engelsk). 
  3. Katti Frederiksen (2017). Det grønlandske sprog i dag (PDF).