Dansk teiknspråk
Utsjånad
| Dansk teiknspråk | ||
| Andre namn | Dansk tegnspråk | |
| Klassifisering | Teiknspråk | |
| Bruk | ||
| Tala i | Danmark, Færøyane, Grønland | |
| Dansk teiknspråktalande i alt | 5 000 (2007) | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-3 | dsl | |
Dansk teiknspråk er det eldste teiknspråket i Norden. I Danmark har døve fått teiknspråkundervisning sidan 1807, etter at Peter Atke Castberg på ein studiereise til Frankrike hadde sett nytten i å undervise døve på eit språk dei kunne forstå. I dag blir det undervist i dansk teiknspråk i seks statlege døveskular.
Dansk teiknspråk er gjensidig forståeleg med svensk teiknspråk, norsk teiknspråk, islandsk teiknspråk og gassisk teiknspråk.
Dei som brukar dansk teiknspråk, kan få tolketenester i retten. Språket blir også brukt til tolking av filmar og fjernsynssendingar.