Dante Gabriel Rossetti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dante Gabriel Rossetti, foto frå 1863 av Lewis Carroll
Ecce Ancilla Domini!, 1850
Arthurs grav. Siste møte mellom Lancelot og Guinevere, 1854
Tristan og Isolde, glasmåleri forma av Rossetti i 1859
Regina Cordium, 1860
Beata Beatrix, 1864-70
Persefone, 1874

Dante Gabriel Rossetti (12. mai 182810. april 1882) var ein britisk målar, illustratør, poet og omsetjar. Han er særleg kjend som ein av dei leiande mellom dei såkalla prerafaelittane.

Unge år[endre | endre wikiteksten]

Rossetti var fødd i London og var son til Gabriele Rossetti, ein politisk flyktning frå Napoli. Faren vart professor i italiensk språk på King's College i London i 1831. Fleire av syskena skulle utmerke seg på ulike felt, fremst poeten Christina Rossetti.

Gabriel, som venene kalla han, synte tidleg sterk interesse for litteratur. Til liks med alle syskena ville han verte lyrikar, men studerte også kunstmåling. Han vart særleg interessert i italiensk kunst frå mellomalderen. Rossetti gjekk på King's College School frå 1837 til 1842, då han slutta skulen for å førebu seg til å få plass ved Royal Academy of Arts. I 1846 vart han teken inn i akademiet, men slutta etter eitt år då han var misnøgd med undervisninga. I staden byrja han i lære hos Ford Madox Brown, ein engelsk målar av moralske og historiske bilete, dei to var sidan nære venner livet ut.

I 1848 byrja Rossetti, William Holman Hunt og John Everett Millais å kalle seg for Den preafaelittiske brorskapen. Gruppa teakte til seg andre unge kunstmålarar, poetar og kritikarar. Ford Madox Brown var aldri medlem, men var ein av dem som inspirerte og støtta gruppan. Rossettis bror William fungerte som sekretær for gruppa og skreiv seinare historia om prerafellittane.

Prerafaelitt[endre | endre wikiteksten]

Rossettis fyrste framifrå måleri viste nokre av dei realistiske kvalitetane til prerafaelittane i den fyrste fasen. I 1849 stilte Rossetti ut illustrasjonane The Girlhood of Mary Virgin og Ecce Ancilla Domini, som begge portretterte Jomfru Maria som ei bleik, engleaktig og kjenslehemma jente i tenåra.

Rossetti vende seg i aukande grad mot symbolistiske og mytologiske motiv framfor realistiske. Mange av kvinnene han portretterte hadde det idealiserte uttrykket til Venus i Venus fødsel, måla av Sandro Botticelli i 1485. Den idealiserte biletkunsten hans samsvara med den seinare poesien hans. Han publiserte også omsetjingar av Dante Alighieri og andre italienske mellomalder-forfattar, medan han i biletkunsten søkte å vidareføre dei stilistiske karaktertrekka til dei tidlege italienske målararane.

Rundt 1849 møtte han Lizzie Siddall. Ho stod modell for mange av måleria hans. Dei to forlova seg i 1851, men giftamålet kom ikkje i stand før i 1860, kanskje grunna hennar dårlege helse eller hans svake økonomi, men kanskje like gjerne hans manglande vilje til å forplikte seg.

Akvarellmåling og mellomalderinspirasjon[endre | endre wikiteksten]

Rossetti sin målarkunst vart kritisert frå leiande kunstkrinsar, noko som førte til å han trekte seg bort frå offentlege utstillingar. I staden for å lage måleri vende han seg til akvarellar, desse vart seld privat.

Motiv frå Dante Alighieris La Vita Nuova, som Rossetti hadde omsett, og frå Thomas Malory si boka Morte d'Arthur, var dei viktigaste kjeldene til kunsten hans i større delar av 1850-åra. Hans eigne visjonar av arthurianske romansar og formgjevingar frå mellomalderen inspirerte William Morris og Edward Burne-Jones. Desse kunstnarane, som Rossetti trefte i under eit oppdrag med å lage veggmåleri til Oxford Debating Union med arthurianske motiv, vart nære venner og gjensidige inspiratorar.

Depresjon og velstand[endre | endre wikiteksten]

Vinteren 1862 døydde kona hans, etter ho hadde teke ein overdose av laudanum, eit opium oppløyst i alkohol. Kort tid føreåt hadde ho sett til verda til eit dødfødd barn.

Rossetti flytta då inn i eit stort hus i bydelen Chelsea, der han delte bustad med den viktorianske poeten Algernon Swinburne, tidvis også med bror sin, William, og forfattaren George Meredith. Han heldt fram å måle og skrive poesi, og fekk nok kundar og sponsorar til å kunne leve i relativ rikdom. Men han vart meir og meir deprimert, og grov mellom anna ned mesteparten av sine upubliserte dikt i grava til kona i gravlunden i Highgate. Biletet av kona idealiserte han i fleire måleri som «Beata Beatrix», etter Dante sin litterære figur Beatrice.

Idealiserte kvinner og eksotiske dyr[endre | endre wikiteksten]

Desse måleria spela ei viktig rolle i utviklinga av den europeiske symbolistrørsla. I disse verka vart Rossettis framsyning av kvinner bortimot ekstremt stilisert. Hans val av modellar og hans idealisering av dei, bidrog til å endre oppfatninga av kvinneleg fagerdom i den viktorianske perioden. Ei vakker kvinne skulle vere høg og tynn med lang hals og langt hår, samt veikhelsa.

Kring den tida hadde Rossetti ein mani for eksotiske dyr, særleg for vombater. Han kunne opphalde seg i dyrehagen, London Zoo, i timesvis. I september 1869 skaffe han seg to vombatar som kjæledyr. Desse fekk lov til å sove ved matbordet, og det er sagt at dette inspirerte til hasselmusa i Lewis Carroll si bok Alice i Eventyrland.[1]

Erotisk poesi[endre | endre wikiteksten]

I oktober 1869 vart dikta som Rossetti hadde grave ned på gravlunden i Highgate grave opp. Dikta vart gjevne ut i 1871, og vekte strid. Poesien vart angripen for å vere ein leikamgjering av ei fysisk form for poesi. Erotikken og sensualiteten i poesien vakte avsky hos enkelte lesarar og kritikarar.

Eitt dikt, Nuptial Sleep, skildre eit par som fall i søvn etter dei har hatt samleie. Diktet var del av Rossetti si suite av sonettar i The House of Life, ein kompleks serie av dikt som sporet den fysiske og andelege utviklinga i eit intimt forhold mellom mann og kvinne. Diktsamlinga The House of Life var ei rad av gjensidige og samanfallande augneblinkar – eit utvikla heile som vart sett saman frå ein mosaikk av intenst skildra fragment. Bokverket var Rossettis vektigaste og viktigaste litterære prestasjon.

Ofte skreiv Rossetti dikt til bileta sin, til dømes Astarte Syraica. Som formgjevar av glasmåleri og andre dekorative innretningar arbeidde han ofte saman med William Morris.

Siste åra[endre | endre wikiteksten]

På slutten av 1860-talet hadde Rossetti byrja lide av hovudpine og svekka syn. For å kunne sove miksa han seg ein smertestillande drykk av whisky og kloroform. Denne blandinga var sannsynlegvis med på å forsterke dei depresjonane og den paranoia som hadde lege latent i hans sinn.

Rossetti sokk etter kvart inn i ein morbid tilstand, formørka av narkomani og sviktande mental helse. Sommaren 1872 fekk han eit mentalt samanbrot. Han vart frakta til Skottland for å kvile ut. Der prøvde han å ta livet sitt, men var så betre ei tid. Til sist vart helsa ringare og han døydde av nyresvikt den 9. april 1882. Han er gravlagd i Birchington-on-Sea i Kent.

Notar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dante Gabriel Rossetti

Kjelder[endre | endre wikiteksten]