Darat Izza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 36°16′58″N 36°51′7″E
Darat Izza
دارة عزة
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Aleppo guvernement
Nahiyah Darat Izza
koordinatar 36°16′58″N 36°51′7″E
Folketal 13 525 (2004) [1]
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Darat Izza (arabisk دارة عزة, òg skrive Darat Aza eller Darit Izza) er ein by nord i Syria i Aleppo guvernement, 30 km nordvest for Aleppo. Av stader i nærleiken finn ein Deir Samaan i nord, Anadan i aust og Turmanin i sørvest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Darat Izza eit folketal på 13 525 i 2004.[1]

Frå Darat Izza går ein godt bevart del av ein gammal romersk veg frå 100-talet fvt.[2] Under Det osmanske riket var Darat Izza kjend for bomullsstoffet som vart produsert her.[3]

Under den syriske borgarkrigen mot regjeringa til Bashar al-Assad, vart 25 regjeringsvenlege personar drepne i byen av Den frie syriske armeen (FSA). Regjeringa hevda dei var vanlege sivile, medan FSA og den opposisjonsvenlege Syrisk observatorium for menneskerettar hevda dei var regjeringsvenlege militssoldatar.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Aleppo guvernement. (arabisk)
  2. Beattie, 2001, s. 245.
  3. Faroqhi, 1997, s. 501.
  4. Syria rebels accused of massacring 25 people in village. BBC News. 2012-06-22.