Dario Cologna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dario Cologna
20180128 FIS NC WC Seefeld Dario Cologna 850 2445.jpg
Statsborgarskap Sveits
Fødd 11. mars 1986
Santa Maria Val Müstair
Idrett langrenn
Yrke langrennsløpar

Dario Alonzo Cologna (fødd 11. mars 1986) er ein sveitsisk langrennar frå landsbyen Santa Maria i Val Müstair i kantonen Graubünden. Han er olympisk meister 2010 på 15 km, samt verdsmeister 2013 og olympisk meister 2014 på 30 km fellesstart. Cologna vann verdscupen i langrenn både i 2009, 2011 og 2012.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Cologna debuterte i verdscupen i november 2006. To år seinare slo han seg for alvor inn i verdseliten med ein andreplass i eit verdscuprenn over 30 km i La Clusaz i desember 2008. Ein månad seinare vann han «Tour de ski» med god margin til toaren Petter Northug. Han vann også verdscupen den sesongen. I 2010-sesongen hamna han på tredjeplass i Tour de ski, før han vart olympiameister på 15-kilometeren i Vancouver. Totalt kom han på fjerdeplass i verdscupen 2010. I 2010/11 og på ny i 2011/12 vann han Tour de Ski, også desse gongane med Petter Northug på andreplass. Han vann også verdscupen 2011.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]