Hopp til innhald

Darmstadt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Darmstadt
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Hessen
Region Darmstadt
Landkreis Kreisfri by
Høgd 144 m
Areal 122,07 km²
Folketal 164 792 (31. desember 2023)
Grunnlagd 1000-talet
Postnummer 64283–64297
Retningsnummer 06151, 06150
Bilnummer DA
Kart
Darmstadt
49°52′00″N 8°39′00″E / 49.866666666667°N 8.65°E / 49.866666666667; 8.65
Wikimedia Commons: Darmstadt

Darmstadt er ein by i Tyskland i delstaten Hessen med om lag 165 000 innbyggjarar. Byen ligg sør i Frankfurt-Rhin-Main-området. Han er òg ein av få tyske storbyar som ikkje ligg ved ei elv eller ved kysten.

Byen var tidlegare sete for landgrevskapet Hessen-Darmstadt og har vore ein industriby, særleg innan kjemikaliar, i tillegg til eit stort utdanningssenter frå tidleg på 1900-talet.

Darmstadt dukkar først opp på slutten av 1000-talet som Darmundestat, som bokstavleg talt tyder «Tarmbyen», sjølv om dette sannsynlegvis er tilfeldig sidan namnet kjem frå ei lita elv kalla Darm(bach), som tidlegare rann gjennom byen. Det meste av elva er vorte bygd over, men i det siste er delar av ho ført tilbake til sin naturlege tilstand.

Darmstadt fekk byrettar av Ludivg IV av Det tysk-romerske riket i 1330 og gjeve til grevane av Katzenelnbogen. Då Huset Katzenelnbogen forsvann i 1479 og byen gjekk vidare til Hessen, og vart sete for landgrevane her (1567-1806) og seinare til storhertugen av Hessen (til 1918).

Byen voks på 1800-talet frå litt over 10 000 til 72 000 innbyggjarar. Ein polyteknisk skule, som i dag er kjend som Technische Universität Darmstadt, vart oppretta i 1877.

Markedsplassen i Darmstad rundt år 1900.

På byrjinga av 1900-talet var Darmstad eit viktig senter for kunstrørsla kalla Jugendstil, den tyske varianten av Art Nouveau. Det vart halde ein årlege arkitekturkonkurranse som førte til mange flotte bygg frå denne perioden. Darmstadt vart utvida i 1937 med Arheilgen og Eberstadt, og i 1938 vart byen ein kreisfri by.

Darmstadt var den første byen i Tyskland som tvinga jødane til å stenge butikkane sine tidleg i 1933, kort tid etter nazistane overtok makta i Tyskland. Butikkane vart derimot berre stengd for ein dag for å «true fred og ro i byen».[1] I 1942 vart over 3 000 jødar frå Darmstad samla i ein leir i Liebigschule og deportert til konsentrasjonsleirar.[2] der dei fleste vart drepne.

Gamlebyen i Darmstadt vart stort lagd i grus under bombinga av Darmstadt i den andre verdskrigen 11. september 1944. I dei verste åtaka reknar ein med at 11 000-12 500 innbyggjarar døydde, medan opp mot 70 000 vart heimlause.[2] Over tre fjerdedelar av dei indre områda av Darmstadt vart øydelagde.

Orangerie.
  • Hessisches Landesmuseum Darmstadt
  • Großherzoglich-Hessische Porzellansammlung
  • Museum Künstlerkolonie
  • Kunsthalle Darmstadt
  • Schlossmuseum
  • Centenarium
  • Eisenbahnmuseum Darmstadt-Kranichstein
  • Wixhäuser Dorfmuseum
  • Jagdschloss Kranichstein
  • Altstadtmuseum Hinkelsturm

Attraksjonar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Byrjinga på slutten Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine. - Musman, Moshe; frå Borne Aloft On The Wings Of A Dove
  2. 2,0 2,1 Darmstädter Stadtgeschichte 20. Jahrhundert, arkivert frå originalen 10. april 2007, henta 21. juni 2007 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Darmstadt
Reiseguide for Darmstadt frå Wikivoyage