Darnah
Darnah | ||
---|---|---|
![]() | ||
Styresmakter | ||
Land | Libya | |
Geografi | ||
Koordinatar | Koordinatar: | |
Plassering | ||
Darnah eller Derna er ein by i Kyrenaika i Libya ved Middelhavet. Han ligg 275 kilometer nordaust for Benghazi og hadde i 1984 105 800 innbyggjarar. Byen har handel med sitrusfrukter, bananar og oliven og noko lettindustri. I byen er det ein marinebase.
Medan aksjonen til USA mot «røvarstatane» heldt på, vart Darnah teken av amerikanarane i 1805. Det var italienske styrkar i byen i perioden 1911-1912, og han var ein del av Italia frå 1939. Byen fekk store skadar under andre verdskrigen og vart hærteken av britane i 1942.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Darnah» av redaksjonen i Store norske leksikon, snl.no.