Darryl Way

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Darryl Way
Fødd17. desember 1948 (75 år)
FødestadTaunton, Somerset, England
FødenamnRichard Darryl Way
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1960-åra
SjangerProgressiv rock, folk, acid folk
Instrumentfiolin, piano
Tilknytte artistarCurved Air
PlateselskapCherry Red Records
Verka somlåtskrivar, musikar

Richard Darryl Way (fødd 17. desember 1948)[1] er ein engelsk musikar innan både rock og klassisk musikk. Han var med å skipe Curved Air og var medlåtskrivar på den einaste hitsingelen deira, «Back Street Luv». Han er mest kjend som fiolinist, sjølv om han òg speler klaverinstrument.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Han byrja musikkopplæringa si i Dartington College of Arts, og studerte seinare ved Royal College of Music. Då ham møtte Francis Monkman skipa dei bandet Sisyphus, som utvikla seg til å bli Curved Air.[2]

Etter tre album og ein hitsingel med Curved Air, slutta han i 1972 og skipa Darryl Way's Wolf, som òg spelte inn tre album før dei vart oppløyst. Det neste bandet hans, Stark Naked & the Car Thieves, tok ein pause då Curved Air vart skipa på ny seint i 1974.[3] Etter albumet Curved Air – Live vart Curved Air oppøyst på ny, men vart igjen samla att av Way med hovudsakleg medlemmar frå Stark Naked & the Car Thieves.[3] Han spelte inn to studioalbum med denne nye inkarnasjonen av gruppa før han igjen drog.[2]

Han spelte på to spor på Jethro Tull-albumet Heavy Horses i 1978. Sidan spelte han inn fleire soloalbum, inkludert Concerto for Electric Violin, som hadde premiere på South Bank Show med Royal Philharmonia Orchestra i 1978.

Curved Air kom saman att for ei kort stund i 1990 og eit konertopptak frå denne tida kom ut på eit album i 2000.

I november 1996 hadde ein opera han hadde skrive, The Russian Opera, premiere på The Place Theatre i London.

I 2008 tok han del i fleire konsertar med Curved Air.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Curved Air[endre | endre wikiteksten]

Med Darryl Way's Wolf[endre | endre wikiteksten]

  • Canis Lupus (1973)
  • Saturation Point (1973)
  • Five in the Morning med Bunch of Fives (1973)
  • Night Music (1974)
  • Darryl Way's Wolf (samling frå Canis Lupus og Saturation Point) (1974)

Med Trace[endre | endre wikiteksten]

  • Birds (1975)

Med Pierre Moerlen's Gong[endre | endre wikiteksten]

Med Jethro Tull[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

  • Concerto for Electric Violin (1978) - Francis Monkman på syntheisizer
  • Little Plum med Sweet Dreams (1982) - produsert av Martin Gordon for Snat Records
  • As Long as There's a Spark... (1983) - EP
  • Little Plum (remix) med Love Is The Driver (1984)
  • Edge of the World (1984)
  • The Human Condition: Suite for String Orchestra, Piano and Percussion (1987)
  • Under the Soft (1991)
  • Classical Rock (music for TV and Film) (2010)
  • Ultra Violins (2013)
  • Vivaldi's Four Seasons In Rock (2018)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Search Results for England & Wales Births 1837-2006». Findmypast.co.uk. 
  2. 2,0 2,1 Brennan, Mark (1995). «Curved Air». In Midnight Wire [CD booklet]. Repertoire Records.
  3. 3,0 3,1 Sutcliffe, Phil & Fielder, Hugh (1981). L'Historia Bandido. London and New York: Proteus Books. ISBN 0-906071-66-6. Pages 15-16.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]