Darude

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Darude

Fødd17. juli 1975 (48 år)
FødestadEura
FødenamnToni-Ville Henrik Virtanen
AliasDarude
OpphavFinland
Aktiv1997–
SjangerTrance, house, Hardtrance
Instrumentsynthesizer
Verka somDJ, musikkprodusent, komponist

Toni-Ville Henrik Virtanen (fødd 17. juli 1975 i Eura[1]), best kjend som Darude, er ein finsk DJ og plateprodusent. Han byrja å lage musikk i 1995 og gav ut det platina-seljande hitsingelen «Sandstorm» i 1999.[2] Debutalbumet hans, Before the Storm, vart sloppe 18. september 2000 og selde 800 000 eksemplar verda over.[1] Darude mottok òg tre finske Grammy-prisar for debutalbumet. Det toppa den offisielle albumlista i Finland, og nådde ein sjetteplass på Billboards Dance/Electronic Albums-lista i USA.[3] Det andre studioalbumet til Darude, Rush, nådde ein ellevteplass på Billboards dance-liste i 2003 og ein fjerdeplass på den finske albumlista.[3]

Det tredje studioalbumet hans, Label This!, vart gjeve ut i 2007.[4] Sjølv om den ikkje fekk ein like stor listesuksess som dei føregåande albuma, fekk singelen «In the Darkness» rosande omtale av musikkbloggen Gawker, og kalla den eit «flytande, fengslande stykke trancemusikk».[5] I 2011 var han med på å starta platemerket EnMass Music, der han har gjeve ut ei rekkje miks-samlingar i tilknyting til radioprogrammet hans, Salmiakki Sessions. Etter å ha opptredd på festivalar som Tomorrowland i 2014 og Future Music Festival i 2015, gav han ut sitt førebels siste studioalbum, Moments, 14. august 2015, etterfølgd av ein turné i USA og Canada same haust.[6] Musikken hans vert gjerne karakterisert som «progressiv og oppløftande».[7]

Darude representerte Finland i Eurovision Song Contest 2019 med låten «Look Away», saman med Sebastian Rejman.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Darude - Finnish Music - Eurochannel». 24. september 2015. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 29. januar 2019. 
  2. music, bpi (2. oktober 2015). «‘Sandstorm’ by @Darudevil is an electronic dance classic and now it’s a Platinum single in the UK! #bpiAwardspic.twitter.com/u8yjFJcjtW» (på engelsk). Henta 29. januar 2019. 
  3. 3,0 3,1 «Darude – Finnish charts portal». finnishcharts.com. 18. oktober 2012. Arkivert frå originalen 18. oktober 2012. Henta 29. januar 2019. 
  4. «Review - Darude : Label This! - Findance.com - International Edition». 14. august 2007. Arkivert frå originalen 14. august 2007. Henta 29. januar 2019. 
  5. Cush, Andy. «How Darude's "Sandstorm" Became the EDM Track Everyone on the Web Knows» (på engelsk). Henta 29. januar 2019. 
  6. «RA: Darude tour dates». Arkivert frå originalen 30. januar 2019. Henta 29. januar 2019. 
  7. «Review: Darude - Moments» (på engelsk). 17. august 2015. Arkivert frå originalen 30. januar 2019. Henta 29. januar 2019. 
  8. «It's Darude for Finland this year!». Henta 29. januar 2019.