Darwin i Australia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Darwin
by
Darwin Australia aerial photo 1984.JPEG
Darwin i 1984
Land Flag of Australia.svg Australia

Darwin i Australia
12°26′17″ S 130°50′28″ E
Wikimedia Commons: Darwin, Northern Territory

Darwin er hovudstaden og den største byen i Nordterritoriet i Australia, med 148 564 innbyggjarar (est. 2018). Byen ligg ved nordkysten av Australia, og har tropisk klima. Han er utsett for tropisk tordenvêr og syklonar; mykje av byen blei øydelagd av syklonen Tracy i 1974.

Han ligg ved Clarencesundet som går mellom det australske fastlandet og Melvilleøya i Timorsjøen.

Byen er kalla opp etter den britiske naturforskaren Charles Darwin. I perioden 1869–1911 blei han kalla Palmerston. Palmerston er òg namnet på ei drabantby som har vokse fram frå 1980-talet rundt 20 km sør for Darwin.

Folkesetnaden i Darwin har størst del aboriginarar av australske hovudstader, og ein relativt stor del er innvandrar frå Sør- og Aust-Asia. Darwin er ein viktig hamn, særleg for eksport av sau og storfe, og av mineral.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Darwin i Australia