Dasaratha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
For mauryakongen, sjå Dasaratha Maurya.
Dasaratha sitt hoff gleder seg over fødslane til dei fire sønene hans. Illustrasjon av Shyam Sundar frå rundt 1600.

Dasaratha eller Dasjaratha (sanskrit दशरथ, IAST Daśaratha) er kongen av Ayodhya og far til Rama i hindueposet Ramayana. Eit overilt løfte han gjev til ei av konene fører til at Rama blir bannlyst frå hoffet og må leva i skogen i fjorten år.

Dasaratha høyrer til Ikshvaku-dynastiet (også kalla Suryavamsha og Raghuvaṃśa). Han stammar frå Raghu og er son av Aja og Indumati. Han har tre koner: Kongsdottera Kausalya frå Kosala, Sumitra frå Kashi og Kaikeyi frå Kekaya. Etter ei stor offerhandling (yajña) der offerelden gjev ein søt drikk til konene hans får dei fire søner: Rama, Bharata og tvillingane Laksjmana og Satrughna.

Rama, son av Kausalya, er den eldste og kjæraste sonen til Dasaratha. Kongen er i ferd med å utnemna Rama til kronprins då Kaikeyi minner han om at han ein gong har lova henne at ho kan be han om kva ho vil, og han vil oppfylla det. Det ho ber om er at sonen hennar Bharata blir utnemnd til kronprins i staden, og at Rama skal forvisast frå riket. Etter at Rama, kona hans Sita og broren Laksjmana har reist frå riket bryt Dasaratha saman i sorg og døyr. Bharata nektar å krona seg sjølv, men styrer riket som regent for Rama fram til denne kjem tilbake frå eksil.

Dasaratha er kjend som Dhasarathan på tamil, Dasarata på malayisk, Dasarath på khmer, Dasagiri på burmesisk, Thotsorot på thai, Thotarot på laotisk, ཤིང་རྟ་བཅུ་པ på tibetansk og 十车王 på kinesisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Introduction i Book I : Bala Kanda - Book Of Youthful Majesties (Valmiki-Ramayana), valmikiramayan.net