Dasht-e Kavir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dasht-e Kavir
دشت كوير
ørken
Sanddyner i Rig-e Jenn i Dasht-e Kavir
Land  Iran
Region Khorasan, Semnan, Teheran, Isfahan, Yazd
Koordinatar 34°44′15.2″N 54°49′37.56″E / 34.737556°N 54.8271000°E / 34.737556; 54.8271000
Lengd 800 km
Breidd 500 km
Areal 77 600 km²
Kart
Dasht-e Kavir
34°44′15″N 54°49′38″E / 34.737555555556°N 54.8271°E / 34.737555555556; 54.8271
Wikimedia Commons: Dasht-e Kavir

Dasht-e Kavir (persisk دشت كوير), òg kalla Kavir-e Namak og Den store saltørkenen, er ein stor ørken som ligg midt på Det iranske platået. Han er kring 800 km lang og 320 km brei med eit samla areal på kring 77600 km², som gjer han til den 26. største ørkenen på jorda.[1] Ørkenen strekkjer seg frå Alborzfjella i nordvest til Dasht-e Lut i søraust og dekkjer dei iranske provinsane Khorasan, Semnan, Teheran, Isfahan og Yazd

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Sentralt i ørkenen ligg Kavir Buzurg (Store Kavir), som er kring 320 km lang og 160 km brei. I vest ligg Daryahcheh-e Namak («saltsjø») på 1800 km². Her finst store saltplater i mosaikk-aktig form. Han er ein del av ein 4000 km verna, økologisk område, Kavir nasjonalpark. Eit av dei mest aude områda i Dasht-e Kavir er Rig-e Jenn («djeveldynene»).

Klima og struktur[endre | endre wikiteksten]

Kart over biotop i Iran, som syner plasseringa til Dasht-e Kavir (beige oval til høgre for midten). ██ Skogssteppe ██ Skog ██ Halvørken ██ Låglandsørken ██ Steppe ██ Salte elvemyrer

Klimet i Dasht-e Kavirs er tørt og det kjem lite regn og snø gjennom året. Fjellområda rundt får derimot rikeleg av nedbør og avrenning frå desse områda skapar store innsjøar og myrområde til tider av året. Temperaturen kan nå 50 °C på sommaren og middeltemperaturen i januar er 22 °C. Skilnaden mellom dag- og nattetemperatur gjennom året kan varierer med så mykje som 70 °C. Om det kjem regn, kjem det vanlegvis på vinteren.

Ørkenjorda er dekt av sand og småstein. Her finst myrområde, og innsjøar og elvar som er tørrlagde til tider av året. Den høge temperaturen skapar ekstrem fordamping, som gjer at myrområda og gjørma vert dekka av eit lag med salt. Det er vanleg med kraftig vind og vinden skapar dyner som er opp til 40 meter høge. Delar av Dasht- e Kavir har ein meir steppe-liknande utsjånad.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Vegetasjonen i Dasht-e Kavir er tilpassa det varme og tørre klimaet, i tillegg til den salthaldige jorda. Vanlege planter som kratt og gras finn ein berre i somme dalar og fjelltoppar. Den mest utbreidde planta er burot.

Den persiske løpekråka er ein fuglearti som held til i delar av ørkenplatået, i lag med lerker og sandhøns.

Persisk gaselle held til i delar av steppa og ørkenområda. Villsau, kamelar og geiter[2] og persisk leopard er vanlege i fjellområda. Om natta finn ein villkattar, ulv, rev og andre kjøtetarar. I somme delar av ørkenen finst persisk villesel (gur på persisk) og stundom asiatisk gepard. Øgler og slangar held til på forskjellige stader på platået.

Cultivation[endre | endre wikiteksten]

Den ekstreme varmen og dei mange stormane i Dasht-e Kavir skapar mykje erosjon, som gjer det nesten umogeleg å dyrke landområdet. Ørkenen er nesten folketom og lite nytta. Kamelar og saueavl og jordbruk er hovudnæringa til dei få menneska som lever her. Busetnadane er avgrensa til nokre få oasar, der vindblokkerande hus betrar levevilkåra. For vasstilførsel har iranarane utvikla eit sofistikert system av vassbrunnar kalla qanatar. Desse er framleis i bruk og moderne, globalt nytta vassystem er basert på desse teknikkane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Dasht-e Kavir

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wright, John W., red. (2006). The New York Times Almanac (2007 utg.). New York, New York: Penguin Books. s. 456. ISBN 0-14-303820-6. 
  2. Mohammadian,H. Mammals of Iran. Shabpareh Publishing Institute. Teheran, Iran.2005.ISBN 964-94487-9-9.