Dataspelet Celeste
Celeste | |
![]() | |
Utviklar(ar) | Matt Makes Games |
---|---|
Utgjevar(ar) | Matt Makes Games |
Komponist(ar) | Lena Raine |
Plattform(er) | Microsoft Windows, Nintendo Switch, Linux, macOS, PlayStation 4, Xbox One |
Utgjeving | 25. januar 2018 |
Sjanger | Plattform |
Spelemodus | Einspelar |
Celeste er eit plattformspel utvikla og utgjeve av dei canadiske spelutviklarane Matt Thorson og Noel Berry. Spelet var opphavleg utvikla som ein prototype i løpet av fire dagar under ein game jam, og blei seinare utvida til ei komplett utgjeving. Celeste blei utgjeve i januar 2018 til Microsoft Windows, Nintendo Switch, PlayStation 4, Xbox One, macOS, og Linux.
I Celeste kontrollerer spelaren ei jente ved namnet Madeline, som er i ferd med å klatre opp eit fjell samtidig som ho må unngå ei rekkje dødelege hindringar. I tillegg til å kunne hoppe og klatre opp vegger, kan Madeline gjere ein rykk medan ho er i lufta, som gjev ho større rekkjevidde. Denne rørsla kan berre gjerast ein gong og blir lada opp når Madeline landar på jorda eller råkar visse objekt.[1]
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Celeste review». Eurogamer. Henta 2. april 2018.