Dataspelet Limbo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå limbo (fleirtyding).
Limbo

Utviklar(ar)Playdead Studios
Utgjevar(ar)Playdead Studios
Microsoft Game Studios
DistributørEpic Games Store, GOG.com, Steam, Humble Store, Microsoft Store, Nintendo eShop, Discord Store, PlayStation Now, Google Play, App Store, PlayStation Store
Komponist(ar)Martin Stig Andersen
SpelmotorBox2D
Plattform(er)Xbox 360
PlayStation 3
Microsoft Windows
macOS
Linux
Xbox One
PlayStation 4
PlayStation Vita
Nintendo Switch
UtgjevingXbox 360
21. juli 2010
SjangerEventyr, plattform
Spelemoduseinspelar
AldersgrensePEGI 16, PEGI 18
Nettstadhttp://playdead.com/games/limbo/
Inside→

Limbo er eit eventyr-plattformspel som er utvikla av den uavhengige danske spelutviklaren Playdead Studios. Det vart utgjeve i juli 2010 til Xbox 360 og året etter til PlayStation 3 og Microsoft Windows. Spelet har seinare vorte utgjeve på fleire andre plattformer. Limbo handlar om ein namnlaus gut som navigerer seg gjennom ei verd i svart-kvitt, på leiting etter den forsvunne systera si. Perspektivet i spelet er todimensjonalt, og det legg stor vekt på fysisk simulering av objekt i tillegg til prøving og feiling frå spelaren.

Spelemekanikkane går ut på å navigere guten gjennom dystre miljø, mens ein unngår ulike feller og farar. Dersom spelaren navigerer feil, resulterer det ofte i at guten opplever ein ekstrem og grotesk død. Spelet er laga slik at spelaren nærmast skal forventast å gjere feiltrinn før den riktige løysninga blir oppdaga. Utviklaren har kalla desse spelemekanikkane som «trial and death», der døden til spelaren ikkje har større konsekvensar enn at guten blir send eit stykke tilbake i spelet.[1]

Limbo har fått god kritikk, mellom anna for dei audiovisuelle verkemidla, som den grafiske stilen og mørke stemninga, men innvendingar for den relativt korte lengda av spillet.[1][2] Den neste tittelen frå Playdead Studios, Inside, vart utgjeven i 2016 og hentar att fleire av dei same temaa som vart presenterte i Limbo.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Limbo Review». IGN. 19. juli 2010. Henta 27. mai 2019. 
  2. «Limbo Review». GameSpot. 11. desember 2014. Henta 27. mai 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]