Dataspelet Super Smash Bros.
Utsjånad
| Super Smash Bros. | |||
| | |||
| Utviklar(ar) | HAL Laboratory | ||
|---|---|---|---|
| Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
| Kreativt ansvarleg(e) | Masahiro Sakurai | ||
| Produsent(ar) | Satoru Iwata | ||
| Serie | Super Smash Bros. | ||
| Plattform(er) | Nintendo 64 | ||
| Utgjeving | JP: 21. januar 1999 NA: 26. april 1999 EU: 19. november 1999 | ||
| Sjanger | Slåsting | ||
| Spelemodus | Einspelar, fleirspelar | ||
| Aldersgrense | PEGI 7 | ||
| Nettstad | http://www.nintendo.co.jp/n01/n64/software/nus_p_nalj/ | ||
| Del av serien Super Smash Bros.⠀ | |||
| Super Smash Bros. Melee→ | |||
Super Smash Bros. er eit slåstarspel som er utvikla av HAL Laboratory og utgjeve av Nintendo til spelkonsollen Nintendo 64. Det vart gjeve ut i Japan 21. januar 1999, i Nord-Amerika 26. april 1999 og i Europa 19. november 1999. Super Smash Bros. er det første spelet i Super Smash Bros.-serien. Ein oppfølgjar, Super Smash Bros. Melee, kom ut til Nintendo GameCube i 2001.
Spelet er ein crossover mellom fleire ulike Nintendo-seriar, mellom anna Mario, The Legend of Zelda, Donkey Kong, Metroid, Pokémon, Kirby og Yoshi. Det fekk hovudsakleg positive omtalar frå media og selde 5,55 millionar kopiar verda over.[1][2]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Super Smash Bros. for Nintendo 64 Reviews». Metacritic. Henta 19. august 2018.
- ↑ «Top 10 Best-Selling Nintendo 64 Games - News». VGChartz. Henta 19. august 2018.