Dataspelserien Fallout

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fallout
Fallout logo.svg
SjangerRollespel
Utviklar(ar)Interplay Entertainment

Black Isle Studios
Micro Forté
Bethesda Game Studios
Obsidian Entertainment

United Front Games
Utgjevar(ar)Interplay Entertainment

14 Degrees East

Bethesda Softworks
Fyrste spelFallout
Siste spelFallout 4
Nettstadhttp://fallout.bethsoft.com/

Fallout er ein serie med post-apokalyptiske rolledataspel, skapt av Interplay Entertainment. Serien tek stad i ein atompunk og retrofuturistisk stil. Sjølv om serien er sett i det 22. og 23. århundre, er den påverka av etterkrigskulturen i 1950-Amerika, håp for den nye teknologien og frykta for å bli utsletta av atombomba. Dataspelet Wasteland frå 1988 blir sett på som ein slags spirituell forlaupar til det fyrste Fallout-spelet. Sjølv om speleverdene er ulike, trekk bakgrunnshistoria, innbyggjarar, stader og karakterar mange parallellar.

Dei to fyrste titlane i serien (Fallout og Fallout 2) blei utvikla av Black Isle Studios. Micro Forté og 14 Degrees East kom ut med Fallout Tactics: Brotherhood of Steel i 2001, som er eit taktisk rollespel. I 2004 låg Interplay ned Black Isle Studios, og heldt fram med å produsera eit actionspel med rollespelelement til PlayStation 2 og Xbox, Fallout: Brotherhood of Steel utan Black Isle Studios. Ein tredje oppføring i hovudserien, Fallout 3, vart utgjeve i 2008 av Bethesda Softworks. Det neste spelet i serien, Fallout: New Vegas, kom ut i 2010 og blei utvikla av Obsidian Entertainment. Det nyaste spelet i serien, Fallout 4, vart kunngjort den 3. juni 2015, og vil bli utgjeve den 10. november 2015.

Bethesda Softworks eig no alle rettane til å produsera Fallout-spel. Kort tid etter at dei skaffa rettane, gav Bethesda rettane til å laga ein MMORPG-versjon av Fallout til Interplay, men etter langvarig juridisk konflikt mellom dei to selskapa er det i dag ikkje kjend om det kjem til å kome ut eit Fallout MMO.

Fallout-spel har blitt gjeve ut til DOS, Microsoft Windows, Mac OS, Mac OS X, PlayStation 2, PlayStation 3, PlayStation 4, Xbox, Xbox 360, Xbox One, Cloud (OnLive), iOS og Android.

Hovudserie[endre | endre wikiteksten]

Fallout-utgivingstidsline
1997 Fallout
1998 Fallout 2
2001 Fallout Tactics: Brotherhood of Steel
2004 Fallout: Brotherhood of Steel
2008 Fallout 3
2009 Fallout 3 downloadable content
2010 Fallout: New Vegas
2011 Fallout: New Vegas downloadable content
2015 Fallout Shelter
2015 Fallout 4

Fallout (1997)[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Fallout.

Fallout blei utgjeve i 1997 og tek stad i eit post-apokalyptisk Sør-California i år 2161. Hovudpersonen, kalla «Vault Dweller», har som oppgåve å utvinne ein vatn-chip i Wasteland for å erstatta den øydelagde chippen i spelaren heim, Vault 13. Etterpå Vault Dweller må overvinne ei gruppe mutantar, leidde av eit grotesk vesen kalla Master.

Fallout 2 (1998)[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Fallout 2.

Fallout 2 vart lansert i 1998, med forbetringar frå det første spelet, inkludert ein forbetra spelmotor, NPC-ar og høvet til å dytta vekk karakterar som blokkerer dører. Andre funksjonar inkluderte fleire endringar til speleverda, inkludert store mengder med vitsar om popkultur og parodiar. Fallout 2 føregår 80 år etter Fallout, og handlar om ein etterfylgjar til Vault Dweller, hovudpersonen i Fallout. Spelaren tek rolla som den utvalde og må prøve å redda landsbyen sin, Arroyo, frå hungersnød og tørke.

Fallout 3 (2008)[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Fallout 3.

Fallout 3 blei utvikla av Bethesda Game Studios og utgjeve 28. oktober, 2008. Historia tek stad 30 år etter Fallout 2 og 200 år etter atomkrigen som førte til speleverda som er tilgjengleg i spelet. Spelaren er ein Vault-dweller i Vault 101 som vert tvinga til å flykta når Overseer prøver å arrestera spelaren fordi faren til spelaren forlèt Vault 101. Når spelaren har rømt kan Wasteland, inkludert Washington, DC, kjend som Capital Wasteland, bli utforska. Videre handlar spelet om korleis karakteren finn faren hans/hennar. Spelet fekk særs gode tilbakemeldingar og vann mange prisar.

Fallout: New Vegas (2010)[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Fallout: New Vegas.

Fallout: New Vegas blei utvikla av Obsidian Entertainment og utgjeve den 19. oktober 2010. Utviklingsteamet inkluderte utviklarar som tidlegare hadde jobba med Fallout og Fallout 2. Fallout: New Vegas er ikkje ein direkte oppfølgjar til Fallout 3, men heller eit frittståande produkt. Hendingar i spelet tek stad 4 år etter Fallout 3 og er eit liknande rollespel.

Fallout 4 (2015)[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Fallout 4.

Fallout 4 er ei kommande utgjeving, utvikla av Bethesda Game Studios. Spelet vil bli lansert den 10. november 2015.

Spin-off spel[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]