Datastøtta samarbeid
Hopp til navigering
Hopp til søk
Datastøtta samarbeid er ei norsk omsetjing av Computer Supported Cooperative Work (CSCW), er eit omgrep som fyrst vart nytta av Irene Greif og Paul Cashman i 1984 ved eit seminar oppsøkt av personar som var interessert i å nytta teknologi til å støtta folk i sitt arbeid.[1] Datastøtta samarbeid er basert på ekspertise og samarbeid frå mange spesialistar, både samfunnsvitarar og informatikarar.[2] Det er fokus på korleis grupper arbeider, og ein freistar å forstå korleis teknologi (særleg datamaskinar) kan hjelpe desse å fungera.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Datastøttet samarbeid» frå Wikipedia på bokmål, den 21. februar 2008.