Datatilsynet
Type | Forvaltingsorgan |
---|---|
Virkefelt | Noreg |
Skipa | 1. januar 1980[1] |
Direktør | Bjørn Erik Thon[2] |
Hovudkontor | Tollbugata 3, Oslo |
Eigar | Kommunal- og moderniseringsdepartementet[3] |
Fokus | Personvern |
Motto | Personvern – din rett til å velge |
Tilsette | 40 (2013)[3] |
Nettside | https://www.datatilsynet.no/ |
Datatilsynet er eit norsk, uavhengig forvaltingsorgan som administrativt ligg under Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Datatilsynet vart oppretta 1. januar 1980. .
Datatilsynet sine oppgåver er å
1) føre kontroll over at personvernlova vert etterlevd.
2) halde folket informert om nasjonal og internasjonal utvikling når det kjem til å handsame personvernopplysningar.
3) finne ut om farer rundt personvernet og gi råd rundt dette.
4) delta i råd og utvikling som gjer at personvernet blir betre.
5) bistå bransjeorganisasjonar med å gi råd og rettleiing for å betre personopplysningar.
6) vere ein kanal ut til publikum for å gi råd og informasjon. Dei har nettside, blogg og rettleiarar.
7) få viktige saker på dagsorden i media og samfunnsdebatt om personvern. [4]
Direktørar[endre | endre wikiteksten]
- Helge Seip 1980-1989
- Georg Apenes 1989-2010
- Bjørn Erik Thon 2010-
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Om Datatilsynet
- ↑ Ansatte og ledelse
- ↑ 3,0 3,1 Talet på tilsette i følge Norsk samfunnsvitenskapelig datatjenestes forvaltningsdatabase
- ↑ «Datatilsynets oppgaver», Datatilsynet (på norsk), henta 10. januar 2019