Dato

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Undeskrifta til Georg II av England på ein kontrakt frå 1750 som oppgjev både juliansk og gregoriansk dato.
Digital framsyning av datoen etter ISO 8601.
Billett markert med dato.

Dato er ei tidfesting av eit visst døgn i ein kalender. Han kan oppgjevast med tal eller ei blanding av tal og bokstavar.

Det vanlegaste datosystemet i verda i dag er den gregorianske kalenderen. Den internasjonale standarden ISO 8601 fastset ein felles skrivemåte for tid og dato etter denne kalenderen. Her skal ein skriva den største eininga først (år) og deretter fallande verdiar. Ein tilrår at tala blir skrivne med bindestrek imellom, ikkje punktum.[1] Ein dato etter denne standarden blir skriven 2024-03-28. Ein vanlegare norsk skrivemåte er 28. mars 2024.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet «dato» kjem frå latin. Det er eigentleg ei kasusform (dativ eller ablativ) av datum, 'gjeve', som også er opphavet til ordet «data».[2] Bruken kjem frå mellomalderdokument der ein i underskrifta gjerne skreiv at noko var 'gjeve' eller 'utferdiga' på ein viss dato.[1]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Å datera noko vil seia å tidfesta det. I opphavleg bruk ville det gjerne seia å skriva dagens dato på eit brev, dokument eller liknande.[3] I nyare tid kan det også handla om å tidfesta historiske hendingar og kjelder, som i årringsdatering.

Datoar kan visa kva tid noko har hend eller er venta å henda, noko ein til dømes finn på billettar, kvitteringar og liknande. På identifikasjonsdokument, attestar, diplom og liknande kan fødselsdato, testdato, utgjevingsdato og liknande ha ei viktig tyding. Datoar kan også brukast på bygningar, minnesmerke og liknande for å visa til tida ein bygde noko på, tida nokon levde eller ei viss tid ein vil minnast.

Med datostempling kan ein anten oppgje datoen der noko hende, eller eit anna tidspunkt ei viss tid seinare. Dette kan vera til hjelp på mellom anna matvarer, slik at ein kan halda styr på kor gamle dei er og kva tid dei bør brukast, eller lånemateriale frå eit bibliotek der ein kan ha materialet ei viss tid.

Norske skrivereglar[endre | endre wikiteksten]

Datoar kan skrivast på fleire måtar på norsk. Dei følgjande skrivemåtane er rekna som korrekte:

  • 10.8.1962
  • 10.08.1962
  • 10.8.62
  • 10.08.62
  • 02.08.1965
  • 2.8.1965
  • 02.08.65
  • 2.8.65

Det skal ikkje brukast skråstrekar i korrekt norsk.

Om ein skriv månedsnamnet med bokstavar, skal ein ha punktum og mellomrom etter talet:

  • 4. juli

Forkorta årstal skal skrivas uten apostrof:

  • 1999 kan forkortast til 99, ikkje '99

Ein kan bruka ordet «den» om ein bruker ord i datoen, som «den 4. juli», men ikkje om ein berre bruker tal (4.7.1989).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Datum: en viss dag» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 1. august 2015.
  2. [«Dato» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 1. august 2015.
  3. «Datere» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 2. august 2015.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.