Daud postkasse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Falske grønsaker presenterer gode gøymestader for daude postkassar.
Ei daud postkasse utforma som ein spikar som kan drivast ned i jorda - kallast for "daud postkassespikar"

Daud postkasse (frå engelsk dead drop eller dead letter box) er eit uttrykk fra spionasjeverda om ein stad nytta til løynleg overlevering av meldingar eller gjenstandar mellom to personar, utan at det er naudsynt for dei å møtast. Oftast vert eit teikn plassert ein annan stad som signal om at ei melding er plassert eller henta. Ein daud postkasse er til vanleg ein stad ein kan nå utan å vekkja oppsikt på vegen eller at det vert oppfatta som uvanlege avvik frå dagleg rutine. Samtidig bør staden vera såpass avskjerma at det er vanskeleg å overvaka han når ein hentar eller leverer posten. Det kan til dømes vera eit bibliotek, ei sprekke i ein mur, under ei bru eller på ein gangsti. Signalet kan vere eit krittmerkje på ein stolpe, ei potteplante i eit vindauga eller ein pinne stokken i jorda.

Digitale daude postkasser[endre | endre wikiteksten]

Frå tusenårsskiftet har til dømes britisk etterretning teke i bruk digitale daude postkasser – innretningar i terrenget som kan motta og avlevere informasjon direkte frå ein iPhone utan at spionane treng å stoppe opp og grave under eit tre.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Russians accuse 4 Britons of spying». Arkivert frå originalen 13. februar 2003. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]