Daugava

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Daugava
elv
Daugava i Riga
Land  Russland,  Belarus  Latvia
Nedslagsfelt 87 900 km²
Lengd 1 020 km
Middelvassføring 678 /s
Kjelde Russland
 - høgd 221 moh.
Munning Rigabukta i Austersjøen
Kart
Daugava
56°51′20″ N 32°32′30″ E
Wikimedia Commons: Daugava

Daugava eller Vestlege Dvina (russisk Западная Двина', Zapadnaja Dvina, belarusisk Заходняя Дзвiна, Zahodniaja Dźvina, polsk Dźwina, tysk Düna) er ei elv som renn gjennom Russland, Belarus og Latvia. Ho har sitt utspring i Valdaihøgdene i Russland og munnar ut i Rigabukta i Latvia, ein arm av Austersjøen. Den totale lengda er 1 020 km. Daugava må ikkje forvekslast med Nordlege Dvina.

Elva er knytt til ein kanal som går mellom Berezina og Dnepr-elvane. Det er bygd tre vasskraftverk og demningar langs elva. Rīgas HES ligg like oppfor Riga eller 35 km frå munningen, Ķeguma HES ligg 35 km oppfor her igjen, 70 km frå munningen, og Pļaviņu HES ligg om lag 107 km frå munningen. Eit fjerde vasskraftverk Daugavpils HES er òg planlagd, men utbyggjinga har møtt krass kritikk. Belarus har òg planar om å bygge fleire demningar for straumproduksjon langs sin del av Daugava.

Solnedgang over Daugava i Riga

Byar og landsbyar langs Daugava[endre | endre wikiteksten]

Den svenske hæren bombarderer festninga Daugavgriva ved munningen til Daugava i Latvia.

Største sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]