Davaar Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Davaar
Lokalt namn: Eilean Dà Bhàrr
Davaar Island.jpg
Geografi
Davaar Island is located in
Stad Firth of Clyde
Koordinatar 55°25′ N 5°32′ WKoordinatar: 55°25′ N 5°32′ W
Øygruppe Øyane i Firth of Clyde

Areal 0,52 km²

Høgaste punkt 115 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Argyll and Bute

Demografi
Folketal 2 (201)

Davaar Island eller Island Davaar (skotsk-gælisk Eilean Dà Bhàrr) er ei øy ved innløpet til Campbeltown Loch utanfor austkysten av Kintyre i Argyll and Bute i Skottland. Ho er ei tidvassøy og er landfast via ein naturleg grusbanke kalla Dhorlin nær Campbeltown ved lågvatn. Det er mogeleg å krysse banken på kring 40 minutt.

Davaar vart kalla Island of Sanct Barre mellom 1449 og 1508. Den moderne forma Davaar kjem frå det eldre Do Bharre, som tyder dobbeltspissa øy.

I 1854 vart det bygd eit fyr nord på øya. Fyret vart automatisert i 1983 og i dag er dei einaste innbyggjarane på øya oppsynsfolk, sauer, geiter og mink.

Øya er òg kjend for dei sju grottene, og i ei av desse finn ein eit holemåleri som viser krossfestinga. Denne er måla i 1887 av kunstnaren Archibald MacKinnon etter at han hadde fått eit syn om at han måtte gjere nettopp dette. Måleriet skapte oppstyr i området fordi det vart sett på som eit teikn frå gud, før ein oppdaga at det var MacKinnon og ikkje Gud. Han vart då utvist frå bygda. Måleriet har vorte vandalisert fleire gonger, men så restaurert att.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Che vandal attacks Christ image». BBC News. 6. februar 2010. Henta 11. desember 2007.